Tid og stad
Når
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Ålesund sjukehusKvifor delta på kurs
Vi ynskjar at du skal få hjelp til å formidle tankar og kjensler gjennom å lage bilete og andre kreative uttrykksformer, og å bearbeide desse.
Redusere symptom og opne opp for personleg vekst og utvikling.
Bileta kan hjelpe ein til å nærme seg det som er vanskeleg å snakke om. Den kreative prosessen er heilande, styrker motet, gir glede og håp.
Innhald
Deltakarane kan uttrykke seg gjennom teikning, maling og andre kreative uttrykksformar.
Billedterapi er basert på kunnskapen om at eitkvart menneske, uavhengig av om det kan å teikne, har ei latent evne til å la indre tankar, kjensler og eventuelle konfliktar få eit visuelt uttrykk.
Billedterapi handlar om relasjonen mellom kunstuttrykk, pasient, terapeut og gruppa.
Praktiske opplysningar
Gruppene varer 2 timer og møtast fast ein dag i veka. Den er «slow open», dvs at gruppa er ikkje tidsavgrensa og tek inn nye medlemmar når nokon sluttar.
6-8 gruppedeltakarar.
Parkering etter gjeldande reglement ved sjukehuset. Parkeringsgebyr kan betalast ved parkeringsautomat eller via Easypark app.
Rettar og eigenandel
Sjukemelding: Dersom du treng sjukmelding, kontakt fastlegen din.
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Det er bindande påmelding. Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr. Faktura sendast etter kurset.
Informasjon om eigenandel og andre rettar kan du finne på Helsenorge.no sine sider
Les meir om betaling/gebyr og sjå oppdaterte satsar for helsetenester på Helsenorge.no
Kontakt
Annette M.G. Eide
70167300