Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Dagbehandling - rus - Ålesund

For deg med rusmiddelavhengighet, som er i et poliklinisk forløp med ønske om avhold frå rus, eller for deg som nylig har vore i døgnbehandling.

Tid og stad

Når

Tilbodet går kontinuerlig måndag og torsdag kl. 0930 - 1200.

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Tilvising sendast til Poliklinikk TSB Ålesund, Ålesund behandlingssenter. Merk gjerne med ønske om gruppebehandling.

En person som hopper i luften

Meistre eige liv utan avhengigheit til rusmiddel

 

En gruppe hender som strekker seg ut til hverandre

Kvifor delta på tilbodet

Denne behandlinga er for deg med rusmiddelavhengigheit, som er i eit poliklinisk behandlingsforløp med ønske om å halde deg rusfri, eller for deg som nyleg har vore i døgnbehandling.

Gruppeterapi er bygd på respekt for kvarandre, og ein trygg atmosfære som gir moglegheit til open dialog og sjølvutforsking. I tillegg er gruppeterapi ein måte å bryte isolasjon på, bli kjent med andre i liknande situasjon, motta støtte og lære av andre, og bidra til andre si personlege utvikling.

Gruppeterapi er forskjellig frå individualterapi fordi mykje av det som skjer i behandlinga føregår mellom gruppemedlemmene her og no.

Denne gruppa er ikkje for pårørande. ÅBS har ei eiga pårørandegruppe med åtte gruppesesjonar som går eit par gonger i året.

Innhald

Innhaldet i gruppa vil vere både temaorientert med undervisning og prosessorientert. Sentralt vil vere å øve opp ferdigheiter til å sette ord på tankar og følelser, samt å prøve å forstå reaksjonar og symptom i relasjon til dei andre i gruppa. Samtalegruppa vil ha eit helsefremmande fokus der målet vil vere auka livskvalitet og meistring. Det er også vekentleg bolk med MediYoga og med fysisk aktivitet, med fokus på meistring framfor prestasjon.

Praktiske opplysingar

Gruppetilbodet går over fleire samlingar og er leia av gruppeterapeutar. 

Det er ønskeleg at du prioriterer oppmøte i gruppa når du er deltakar, då dette gir eit meir stabilt og trygt miljø. Gi beskjed om nødvendig fråvær frå gruppa i god tid. Akutt sjukdom eller liknande meldast til kontaktpersonen for tilbodet. Aktiv rusbruk er ikkje forenleg med å gå i denne typen gruppeterapi. 

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset. 

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Nyttige nettsider

Kontakt

Resepsjon TSB Poliklinikk Ålesund
70 17 13 62

Relevante behandlingar