Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Diabetes type 2 - Volda

For deg med diabetes type 2. Pårørande er velkomne til å delta.

Passert
19.
mars
2025
2 dagar
  1. 19. mars 2025
  2. 26. mars 2025

Tid og stad

Når

  1. 19. mars 2025
  2. 26. mars 2025

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret

Ta kontakt med fastlegen og be om ei tilvising til kurset. Tilvisninga sendast til medisinsk poliklinikk Volda.

Oppgi gjerne i tilvisinga om du ønsker å delta på kurset digitalt, då dette kan vere alternativ ved mange påmelde.

Ønsker du å ha med ein pårørande, melder du frå om det. Delar av programmet kan vere svært aktuelt for pårørande. Pårørande treng ikkje eiga tilvising.

Kvifor delta på kurs

Å leve med diabetes kan vere krevande. Samstundes er det godt å vite at du sjølv kan gjere mykje for å halde sjukdomen stabil. God kunnskap om diabetes kan gjere det enklare å leve med sjukdomen.

Du har ein viktig rettleiar i fastlegen din. I tillegg har du rett på opplæring. Mange har nytte av eit meir intensivt kurs, for å auke kunnskap og få motivajon, til å gjere dei endringane i livsstil som er naudsynt.

Diabeteskurset er ein god måte å kome i gang på. Der får du utveksle erfaringar med andre med diabetes.
Tilbakemeldingane frå tidlegare kursdeltakarar er svært positive. Pårørande vert også oppmoda til å delta.

Innhald

På kurset vert det teke opp ulike tema:

  • Kva er diabetes?
  • Behandling.
  • Fastlegen/diabetesteamet si rolle
  • Årskontroll
  • Eigenkontroll av blodsukker
  • Risikofaktorar og seinskader
  • Kosthald
  • Fysisk aktivitet
  • Korleis leve vidare med diabetes
  • Det vert lagt vekt på utveksling av erfaringar

Kurset vert halde av fleire fagfolk:
Lege, diabetessjukepleiar, ernæringsfysiolog, fysioterapeut og ein brukarrepresentant som sjølv har diabetes.

Praktiske opplysningar

Kurset haldast fysisk ved Lærings- og meistringssenteret i Volda, det kvite bygget nedanfor sjukehuset. 

Parkering etter gjeldande reglement ved sjukehuset. Parkeringsgebyr kan betalast ved parkeringsautomat eller via Easypark app.

Det blir servert enkel bevertning eller lunsj, nærmare informasjon om dette får du i innkallingsbrev. Faktura blir sendt i etterkant av kurset.Vennligst gi beskjed i god tid om det er spesielle behov vi skal ta hensyn til f. eks allergiar, hørsel etc.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendast etter kurset.

Det er bindande påmelding. Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr. 

Informasjon om eigenandel og andre rettar finn du på Helsenorge sine sider.

Egenandeler og pasientbetaling på sykehus og poliklinikk - Helsenorge.no

Nyttige nettsider

Diabetesforbundet

Kontakt