Pasientkurs

Diabetes type 2 - Volda

For deg med diabetes type 2. Pårørande er velkomne til å delta.

Passert
16.
oktober
2024
2 dagar
  1. 16. okt. 2024
  2. 23. okt. 2024

Tid og stad

Når

  1. 16. okt. 2024
  2. 23. okt. 2024

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret

Ta kontakt med fastlegen og be om ei tilvising til kurset. Tilvisninga sendast til medisinsk poliklinikk Volda.

Oppgi gjerne i tilvisinga om du ynskjer å delta på kurset digitalt, då dette kan vere alternativ ved mange nok påmelde.

Ynskjer du å ha med ein pårørande, melder du frå om det. Delar av programmet kan vere svært aktuelt for pårørande. Pårørande treng ikkje eiga tilvising.

Kvifor delta på kurs

Å leve med diabetes kan vere krevande. Samstundes er det godt å vite at du sjølv kan gjere mykje for å halde sjukdomen stabil. God kunnskap om diabetes kan gjere det enklare å leve med sjukdomen.

Du har ein viktig rettleiar i fastlegen din. I tillegg har du rett på opplæring. Mange har nytte av eit meir intensivt kurs, for å auke kunnskap og få motivajon, til å gjere dei endringane i livsstil som er naudsynt.

Diabeteskurset er ein god måte å kome i gang på. Der får du utveksle erfaringar med andre med diabetes.
Tilbakemeldingane frå tidlegare kursdeltakarar er svært positive. Pårørande vert også oppmoda til å delta.

Innhald

På kurset vert det teke opp ulike tema:

  • Kva er diabetes?
  • Behandling.
  • Fastlegen/diabetesteamet si rolle
  • Årskontroll
  • Eigenkontroll av blodsukker
  • Risikofaktorar og seinskader
  • Kosthald
  • Fysisk aktivitet
  • Korleis leve vidare med diabetes
  • Det vert lagt vekt på utveksling av erfaringar

Kurset vert halde av fleire fagfolk:
Lege, diabetessjukepleiar, ernæringsfysiolog, fysioterapeut og ein brukarrepresentant som sjølv har diabetes.

Praktiske opplysningar

Kurset haldast fysisk ved Lærings- og meistringssenteret i Volda (Kløvertun). 

Det vil også i nokre tilfelle vere mogleg å følge kurset digitalt heimanfrå. Oppgi gjerne i tilvisinga om du gjerne ønsker å delta digitalt. Du vil få tilsendt informasjon med lenke til digitalt kursrom på e-post i forkant av kurset dersom kurset vert halde digitalt. 

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendast etter kurset. Dersom du er påmeldt kurset og ikkje har meldt fråfall vil du bli fakturert med ikkje møtt-gebyr.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Nyttige nettsider

Diabetesforbundet

Kontakt