Tid og stad
Når
Type arrangement
Kvar
Ålesund sjukehusKvifor delta på kurs
Med kurset ønsker vi at foreldre/foresatte skal få auka kunnskap om kva Downs syndrom er og korleis ein kan møte barn med Downs syndrom både i heimen og kvardagen. Vi ønsker å skape auka forståing og meistring i rolla som forelder/føresett.
Vi oppmodar begge foreldre til å delta på opplæringa.
Du vil møte ulike fagpersonar og brukarrepresentant som deltek i undervisninga.
Barn som er under oppfølging av Habilitering barn og unge treng ikkje tilvising av fastlege.
Innhald
Tema kan blant anna vere:
- Erfaringsutveksling mellom foreldre
- Ernæring
- Velferdsrettar
- Sammensatte kjensler
- Vi har eit barn med downs syndrom
- Motorisk utvikling
- Munnmotorikk
- Kommunikasjon og samspill
- Sosial kompetanse og atferd
- Medisinsk aspekter
Ulike fagpersonar, og brukarrepresentant deltek i undervisninga.
Praktiske opplysningar
Opplæringstiltaket går over 3 dagar over nokre veker.
Bevertning: Vi serverer kaffe/te og lunsj. Faktura sendes i etterkant av kurset. Gi beskjed dersom du har allergiar etc.
Det er bindande påmelding.
Rettar, eigenandel og opplæringspengar
Ingen eigenandel
Det kan søkjast om opplæringspengar for deg som er yrkesaktiv og som har omsorg for et longvarig sjukt eller funksjonshemma barn. Opplæringspengar bereknast på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråvær frå arbeid for å vere med under opplæringa.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Kontakt
Elisabeth Hagen Fagerheim
70 10 64 55