Nettkurs utan dato
Artrose blir ofte kalla for slitasjegikt. Når artrosen er i hand rammar den først og fremst ytterleddet til fingrane, midtledd og rotleddet til tommelen. Det er mange som blir ramma av handartrose, anslagvis 50 prosent av alle kvinner og 25 prosent av alle menn. Lege stiller diagnosen ved hjelp av leddundersøking, beskriving av symptom og diagnosen kan stadfestast med røntgenfunn. Kjønn, arv, tidlegare leddskade, einsformig og langvarig belastning kan ha noko å seie for utvikling av handartrose.
Ved handartrose blir brusken som skal verne leddflatene brote ned. Brusken kan miste væske og overflata kan bli ujamn, ernæring til brusken kan bli dårlegare og kvaliteten kan minke. Det kan også danne seg beinpåleiringar. Ein får då små kuler ved ytterledd, midtledd kan bli fortjukka og rotledd i tommel kan tre tydelegare fram.
Symptoma startar ofte med diffuse smerter i beskrivne ledd. Styrken i handgrepet kan bli svekt og ein kan få vanskar med for eksemmpel å vri klutar og opne ulik emballasje. Fingrane er ofte stive om morgonen etter å ha vore i ro, men dette minkar ved bevegelse. Ledda kan vere betente i periodar, med varmeauke, ømheit og raudheite.
Det er i dag einigheit om at vanleg bruk og belastning av hendene ikkje framskundar artrosen, men tvert imot bidreg å halde oppe bevegelse og handkraft. Ved bevegelse bidreg det også til at leddvæska sirkulerer i ledda og gir næring til brusken. Dersom ein aktivitet gir smerter kan ein prøve å tilpasse arbeidsmetoden. Ein kan for eksempel flytte belastning frå små ledd til større ledd, frå få ledd til fleire ledd, bruke begge hender, lettare reiskap, skyve framfor å løfte, bruke gummierte overflater m.m. Man kan også dele opp aktiviteten i fleire bolkar.
Handtrening
Ved handartrose kan ledda bli stive og smertefulle, noko som kan føre til nedsett funksjon i kvardagen. Normal aktivitet og handtrening bidreg til å halde bevegelse ved like og styrkje muskulaturen rundt ledda. Ledda blir ikkje sliten av å bli brukt – tvert imot er regelmessig bruk viktig for å halde oppe god funksjon.
Forsking på handtrening ved artrose
Artrose kan førebels ikkje kurerast. Målet med behandlinga er derfor å redusere smerter og å betre funksjon i handa.
Forsking viser at regelmessig handtrening (minst 3 gonger i veka over ein periode på 3 månader), kan gi fleire positive effektar:
- Betre evne til å utføre daglege aktivitetar
- Auke gripestyrken
- Redusere smerter
- Halde oppe bevegelse