Pasientkurs

Hjarte - Kristiansund

For deg som har gjennomgått hjerteinfarkt eller har angina pectoris. Pårørande er også velkomne til å delta

Passert
22.
november
2024
2 dagar
  1. 22. nov. 2024
  2. 25. nov. 2024

Tid og stad

Når

  1. 22. nov. 2024
  2. 25. nov. 2024

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Lærings- og mestringssenteret og Seksjon for kliniske støttefunksjoner

Kvifor delta på kurs

Med kurset ynskjer vi at du og dine pårørande skal få økt kunnskap om hjartesjukdom, korleis førebygge forverring eller tilbakefall og skape økt trygghet, forståelse og mestring i det å leve med hjartesjukdom.

Vi ynskjer også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar. 

Vi oppmodar pårørande til å delta på opplæringa.

Innhald

  • Om sjukdom og medisinar
  • Å leve med hjartesjukdom
  • Trening og hjartesjukdom
  • Psykiske reaksjoner ved hjartesjukdom
  • Tobakk 
  • Informasjon om LHL

Praktiske opplysningar

Kurset er ein del av behandlingsforløpet så er det ikkje nødvendig med tilvising frå fastlege.
NB: Pårørande som ynskjer å delta på kurset meldar seg på ved å kontakte Medisinsk poliklinikk.  Pårørande treng ikkje tilvising for å delta.

Bevertning: Kr. 260,- totalt for begge dagar. Faktura sendes i etterkant av kurset.

Parkering må den enkelte ordne med selv.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset. 

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her


Nyttige nettsider

Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL)

Kontakt