Tid og stad
Når
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Volda sjukehusKvifor delta på kurs
Målet med hjarterehabiliteringa er å kome i betre form, og få kunnskap om korleis du kan påverke helsa di. Det er også ei viktig målsetting å redusere angst og usikkerheit i samband med hjartesjukdom, både for deg og dine næraste.
Innhald
Før oppstart på hjartetrimmen skal ein vere klarert med sjukehuslege.
Du vil bli oppringt av fysioterapeut når du kan starte.
- Sjukdomslære om angina/infarkt.
- Behandling av kranseåresjukdom.
- Medikament.
- Fysisk aktivitet og helse.
- Kosthald og kolesterol.
- Risikofaktorar for koronar hjartesjukdom.
- Å leve med hjartesjukdom.
OPPFØLGING
Oppfølging tverrfagleg av individuelle rehabiliteringsmål.
Legen har det medisinsk faglege ansvaret. Alle får ein legekonsultasjon der ein kartlegg risikoprofil, måling av blodtrykk, puls, eventuelt EKG og diverse blodprøver, mellom anna kolesterol.
Sjukepleiar organiserer hjarterehabiliteringa. Ein kan også få konsultasjon der ein kan ta opp spørsmål og tankar du har.
Fysioterapeut har samtale før starten og ved avslutning av hjartetrimmen. Fysioterapeut hjelper til med individuell tilrettelegging og rettleiing under treninga.
"Hjartetrimmen"
Treninga føregår saman med fysioterapeut i gruppe. Trimmen er to gongar i veka, tysdag og torsdag kl. 13.30-14.45. Treningsperioden varer i 3 månader.
Hovuddelen av hjartetrimmen er lagt opp etter ein intervallmodell med fire pulstoppar. Elles er det øvingar for styrke, uttøying og avspenning. Treninga føregår til musikk, den er lystbetont og passar for alle.
Når kan du starte treninga?
* Etter infarkt/evt. med stenting: ca 4-6 veker
* Etter bypassoperasjon: 6-8 veker
* Etter blokking/stenting utan infarkt: ca. 2 veker
Tverrfagleg team
Sjukepleiarar: Maria Hansen
Fysioterapeutar: Magnhild Vatn, Lena Due-Sørensen, Kine Ulvestad.
Legar: Anders Gulbrandsen Grønsleth, Helge Ose Velle, Synne Sandberg
Praktiske opplysningar
Kurset haldast fysisk ved Lærings- og meistringssenteret i Volda, kløvertunvegen 8. Det kvite bygget nedanfor sjukehuset.
Parkering etter gjeldande reglement ved sjukehuset. Parkeringsgebyr kan betalast ved parkeringsautomat eller via Easypark app.
Det blir servert enkel bevertning eller lunsj, nærmare informasjon om dette får du i innkallingsbrev. Faktura blir sendt i etterkant av kurset. Vennligst gi beskjed i god tid om det er spesielle behov vi skal ta hensyn til f.eks allergiar, hørsel e.l.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Det er bindande påmelding. Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr. Faktura sendast etter kurset.
Informasjon om eigenandel og andre rettar kan du finne på Helsenorge.no sine sider
Les meir om betaling/gebyr og sjå oppdaterte satsar for helsetenester på H elsenorge.no
Nyttige nettsider
Kontakt
Maria Hansen
70 05 85 56