Tid og stad
- Når
-
- 23. sep. 2025
- Type arrangement
- Gruppeopplæring
- Arrangør
- Kvar
- Ålesund sjukehus
Kvifor delta på kurs
Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap og forståing av sjukdomen og korleis ein betre kan mesitre kvardagen med IBD.
Vi ynskjer også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.
Vi oppmodar pårørande til å delta på opplæringa.
Innhald
-
Informasjon om IBD-skulen
-
Sjukdomsforståing og medisinsk behandling
-
Tilleggssjukdommar ved IBD
-
Medikament ved IBD
-
Kirurgisk behandling ved IBD
-
Stomiundervisning
-
Kostrettleiing
-
Fysisk aktivitet ved kronisk sjukdom
-
Meistring av kvardagen ved kronisk sjukdom
-
Digital behovsstyrt oppfølging
Praktiske opplysningar
Parkering etter gjeldande reglement ved sjukehuset. Parkeringsgebyr kan betalast ved parkeringsautomat eller via Easypark app.
Det er pausar i og mellom foredraga. Ta med eigen mat og drikke til lunsj. Det vil bli servert kaffe og te.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Dersom du ikkje kan møte til påmeldt kurs må du gi beskjed om dette. Dersom du ikkje møter uten å ha meldt fråfall, vil du bli fakturert eit gebyr.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Kontakt
Nanda Kristin Sæterøy-Hansen
70 10 58 40May-Liss Olsen
70 10 58 40