Tid og stad
Når
- 22. okt. 2025
- 23. okt. 2025
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Volda sjukehusKvifor delta på kurs
Med kurset ynskjer vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap om sjukdomen, førebygge forverring og skape auka tryggheit, forståing og mestring i det å leve med ein form for IBD.
Vi ynskjer også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.
Vi oppmodar pårørande til å delta på opplæringa.
Innhald
-
Ulcerøs kolitt og Crohns sjukdom, sjukdomsforståing, medisinsk behandling og tilleggssjukdomar
-
Det psykiske aspektet ved kronisk sykdom
-
Kost og ernæring
-
Legemidler
-
«Å leve med kronisk sjukdom»
-
Rettigheiter ved kronisk sjukdom
-
Stomiundervisning
-
Brukarhistorie
- Informasjon frå brukarorganisasjon
Praktiske opplysningar
Kurset haldast fysisk ved Lærings-og meistringssenteret, Kløvertunvegen 8, 6103 Volda. Det kvite bygget nedanfor sjukehuset.
Parkering etter gjeldande reglement ved sjukehuset. Parkeringsgebyr kan betalast ved parkeringsautomat eller via Easypark app.
Det blir servert enkel bevertning eller lunsj, nærmare informasjon om dette får du i innkallingsbrev. Faktura blir sendt i etterkant av kurset. Vennligst gi beskjed i god tid om det er spesielle behov vi skal ta hensyn til f.eks allergiar, hørsel e.l.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Det er bindande påmelding. Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr. Faktura sendast etter kurset.
Informasjon om eigenandel og andre rettar kan du finne på Helsenorge.no sine sider
Les meir om betaling/gebyr og sjå oppdaterte satsar for helsetenester på H elsenorge.no
Nyttige nettsider
Mage-tarmforbundet (tidlegare LMF - Landsforeningen mot fordøyelsessykdommer)
Kontakt
Medisinsk poliklinikk ved Eva Iren Halse
70 05 83 06