Tid og stad
- Når
-
- 20. okt. 2025
- 27. okt. 2025
- Type arrangement
- Gruppeopplæring
- Arrangør
- i samarbeid med LHL og Lærings- og meistringssenteret
- Kvar
- SNR Kristiansund
- Auditoriet
- Påmelding
-
Frist for påmelding: 06. okt. 2025
Kvifor delta på kurs
Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap om KOLS, korleis førebygge forverring og skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med KOLS.
Vi ønsker også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar. Vi oppfordrar pårørande til å delta på opplæringa.
Innhald
Kurset har følgande tema:
- Sykdomsforståing
- Å leve med KOLS
- Mobilisering av slim
- Inhalasjonsteknikkar
- Psykiske perspektiv
- Medisinar
- Rettar
- Ernæring
Praktiske opplysningar
Pårørande som ynskjer å delta på kurset meldar seg på ved å kontakte Medisinsk poliklinikk. Pårørande treng ikkje tilvising for å delta.
Det blir servert enkel bevertning eller lunsj, nærmare informasjon om dette får du i innkallingsbrev. Faktura blir sendt i etterkant av kurset.
Vennligst gi beskjed ved påmelding hvis det er spesielle behov mht allergier, hørsel, språk etc.
Parkering etter gjeldande reglement ved sjukehuset.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Det er bindande påmelding. Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Kontakt
Medisinsk poliklinikk Kristiansund
71 12 23 00