Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Kronisk nyresvikt - Ålesund

Kurs for deg med kronisk nyresvikt og pårørande. Tilbodet er for personar i heile fylket.

Tid og stad

Når

Årleg kurstilbod

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Nye pasientar må få henvisning frå fastlege, som sendast elektronisk til Poliklinikk for nyresjukdomar, Ålesund sjukehus.

Du kan også bli henvist frå nyremedisinsk poliklinikk.

Kvifor delta på kurs

Nyreskulen er eit kurstilbod til deg som har fått påvist nyresvikt, og pårørande.

Det er ønskeleg at ein av dine pårørande deltar slik at dykk kan lære saman og på den måten lettare kan hjelpe og støtte kvarandre. Dette skapar større moglegheit for forståing, tryggheit, at dykk er meir forberedt og økt kunnskap om nyresvikt generelt.

Innhald

Kurset skal gi auka kunnskap og forståing for kva det innebærer å ha nyresvikt. Målet med tilbodet er at du skal forstå meir av kva som skjer med kroppen og korleis det er å leve med nyresvikt. 

Moglegheit for pasient og pårørande til å møte andre i same situasjon.

Praktisk informasjon

Parkering etter gjeldande reglement ved sjukehuset. Parkeringsgebyr kan betalast ved parkeringsautomat eller via Easypark app. 

Det blir servert enkel bevertning eller lunsj, nærmare informasjon om dette får du i innkallingsbrev. Faktura blir sendt i etterkant av kurset. Vennligst gi beskjed i god tid om det er spesielle behov vi skal ta hensyn til f.eks allergiar, hørsel e.l. Gje beskjed dersom du har allergiar eller ikkje ønsker bevertning.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Det er bindande påmelding. Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr. Faktura sendast etter kurset. 

Informasjon om eigenandel og andre rettar kan du finne på Helsenorge.no sine sider 

Les meir om betaling/gebyr og sjå oppdaterte satsar for helsetenester på Helsenorge.no 

NYTTIGE NETTSIDER

Landsforeningen for nyrepasienter og transplanterte (LNT)

Kontakt