Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Pedagogisk traumegruppe - Ålesund

Personar som har diagnose PTSD, og personar som har erkjende traumeerfaringar utan nødvendigvis å ha fylt kriteria for ei PTSD-diagnose.

Tid og stad

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Kvar

Ålesund sjukehus
Du møter på Vaksenpsykiatrisk poliklinikk, Geilebergvegen 20. Det er i bygget som ligg nordaust for sjukehusblokkene

Du må ha tilknyting til ein behandlar poliklinikken for å delta. Saman med terapeuten finn ein ut om gruppetilbodet er den rette behandlinga no.

Det er din behandlar i poliklinikken som tilviser deg til gruppa, og fylgjer deg opp gjennom individuelle samtalar gjennom den perioden kurset varar.

Kvifor delta på kurs

Med kurset ønskjer er målsettinga at du skal få:

  • Stabilisering og meistring av ferdigheiter, ikkje bearbeiding av traumeminner.
  • Gi reiskap til å handtere dei symptoma ein har gjennom auka forståing for effekten av traumet på dagleg fungering.
  • Dette kan være første fase før ein eventuelt vidare traumebearbeiding, for eksempel gjennom EMDR-behandling.

Innhald

Det er ei pedagogisk gruppe med undervisning og konkrete øvingar med heimeoppgåver retta mot handsaming av plagar. 

Dette er ikkje er samtaleterapigruppe, men i gruppa kan ein likevel utveksle eigne erfaringar som døme på dei tema det vert undervist om.

Kurset inneheld undervisning og konkrete øvingar retta mot handsaming av plagar. Ein blir også oppmoda til å gjæra heimearbeid mellom samlingane og dele av eigne erfaringar i gruppa.

Praktiske opplysningar

Du møter på Vaksenpsykiatrisk poliklinikk. Det er i bygget som ligg nordaust for sjukehusblokkene.

Gruppene varer i 2 timer og møtast ein fast dag i veka i 10 veker.Maks 8 deltakar.

Parkering etter gjeldande reglement ved sjukehuset. Parkeringsgebyr kan betalast ved parkeringsautomat eller via Easypark app. 

Rettar og eigenandel

Sjukmelding: Dersom du treng sjukmelding, kontakt fastlegen din.

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Dersom du ikkje kan møte til påmeldt kurs må du gi beskjed om dette. Dersom du ikkje møter uten å ha meldt fråfall, vil du bli fakturert eit gebyr.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Kontakt