Tid og stad
Praktiske opplysningar
Kurset består av åtte kurssamlingar. Kurset haldast på ettermiddag/kveld ein gong i veka, og kvar samling er 2,5 time. Det vil vere lett servering og kaffi.
På dette kurset lærer du meir om ADHD/ADD, og kva du kan gjere for å betre handtere dei utfordringar som ADHD/ADD kan medføre i kvardagen. Det vil også være tid til diskusjon og utveksling av erfaringar mellom deltakarane.
Kursprogram
- ADHD/ADD hos vaksne – ein introduksjon
- Medikamentell - og psykologisk behandling av ADHD/ADD
- Livsstilsfaktorar og ADHD/ADD
- Strategiar og kognitiv støtte i kvardagen
- Leve med ADHD/ADD
- ADHD/ADD og relasjonar
- ADHD/ADD i arbeidslivet
- Støtte og tilbod frå samfunnet
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendast etter kurset. Dersom du er påmeldt kurset og ikkje har meldt fråfall vil du bli fakturert med ikkje møtt-gebyr.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her