Tid og stad
- Når
- Kurset går to gongar i året, haust og vår.
- Type arrangement
- Gruppeopplæring
- Arrangør
- Kvar
- Ålesund sjukehus
- Du møter på Vaksenpsykiatrisk poliklinikk. Det er i bygget som ligg nordaust for sjukehusblokkene.
Kvifor delta på kurs
Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap, forståing og meistring i det å leve med ADHD.
Vi ønsker også at du skal få møte andre med ADHD og utveksle erfaringar.
Pårørande er velkomne til å delta.
Innhald
På dette kurset lærer du meir om ADHD og kva du kan gjere for å betre handtere dei utfordringar som ADHD kan medføre i kvardagen. Det vil også være tid til diskusjon og utveksling av erfaringar mellom deltakarane.
Aktuelle tema:
- ADHD hos voksne – ein introduksjon
- Medikamentell- og psykologisk behandling av ADHD
- Livsstilsfaktorar og ADHD
- Strategiar og kognitiv støtte i kvarrdagen
- Leve med ADHD
- ADHD og relasjonar
- ADHD i arbeidslivet
- Støtte og tilbod frå samfunnet
Praktiske opplysningar
Kurset består av to heile kursdagar på dagtid. Gruppa gå to gongar i året, haust og vår.
Parkering etter gjeldande reglement ved sjukehuset. Parkeringsgebyr kan betalast ved parkeringsautomat eller via Easypark app.
Rettar og eigenandel
Sjukemelding: Dersom du treng sjukmelding, kontakt fastlegen din.
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her