Pasientkurs

Sorggrupper Nordmøre og Romsdal

For deg som har mista nokon du er glad i.

Tid og stad

Når

Fast tilbod ein til to gongar i året eller ved nok påmelde.

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Den norske kyrkja i samarbeid med prestetenesta på sjukehusa i Helse Møre og Romsdal

Kvar

Kristiansund sjukehus
Tilbodet er både i Kristiansund og Molde

KVIFOR DELTA PÅ TILBODET

I sorggruppa kan du dele kjensler og utrykke di sorg saman med nokon som "verkeleg forstår", og dei vonde opplevingane vert anerkjent og får plass. Ein kan både gi og få gode råd og informasjon, og det kan også gi livsmot og håp ved at ein ser og høyrer at det er mogleg å kome vidare i livet etter dødsfall.

INNHALD

  • Sorgreaksjonar
  • Å vere einsam
  • Ressursar
  • Identitet
  • Meistring
  • Framtida
  • Sorg og minner

PRAKTISKE OPPLYSNINGAR

Sorggruppa går over 7 møter.
Du mottek informasjon i god tid før oppstart. Tilbodet byttar på å vere i Kristiansund og Molde. Ta kontakt for å høyre om tilbodet/gruppene også kan passe for born/ungdom.

Brosjyre finn du her.

NYTTIGE NETTSIDER

Den norske kyrkja - Sorg

Kontakt