Tid og stad
Når
- 14. okt. 2025
- 11. nov. 2025
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Ålesund sjukehusKvifor delta på kurs
Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap om diabetes, korleis førebygge forverring og skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med diabetes.
Vi ønsker også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.
Vi oppfordrar pårørande til å delta på opplæringa.
Kurset går over to dager, men gruppen blir delt i to første kursdag. Datoar for dag 1 er 14. og 28. oktober, og dag 2 11.november er alle samla.
Innhald
- Om diabetes
- Føtter og diabetes
- Behandling og komplikasjonar
- Blodsukkermåling
- Meistring av sjukdommen
- Rettar
Praktiske opplysningar
Parkering etter gjeldande reglement ved sjukehuset. Parkeringsgebyr kan betalast ved parkeringsautomat eller via Easypark app.
Det blir servert enkel bevertning eller lunsj, nærmare informasjon om dette får du i innkallingsbrev. Faktura blir sendt i etterkant av kurset. Vennligst gi beskjed i god tid om det er spesielle behov vi skal ta hensyn til f.eks allergiar, hørsel e.l. Gje beskjed dersom du har allergiar eller ikkje ønsker bevertning.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Det er bindande påmelding. Dersom du ikkje kan møte har vi avmeldingsfrist som regel ei veke før kursstart. Avmelding til: diabetespoliklinikken 70 10 50 00 (sentralbord- for å bli satt over) 70 10 53 83 – sekretær v/diabetespoliklinikken. Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr. Faktura sendast etter kurset.
Les meir om betaling/gebyr og sjå oppdaterte satsar for helsetenester på Helsenorge.no
Nyttige nettsider
Kontakt
Diabetes poliklinikk Ålesund sjukehus
70 10 54 29 / 70 10 53 86