Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Leverbiopsi
Leverbiopsi, Ålesund
Leverbiopsi er ei undersøking for å kartlegge levera dersom blodprøver og andre undersøkingar har gitt grunn til å mistenke sjukdom i levra di.
Før
Du skal faste frå midnatt kvelden før undersøkinga. Du skal ta blodprøver før undersøkinga.
Blodfortynnende medisiner skal ein som oftast slutte med frå 2-10 dagar før undersøkinga. Korr mange dagar avheng av kva medisiner du bruker. Dersom dette ikkje står klart i innkallingsbrevet du har mottatt, ta kontakt med fastlegen din eller sjukehuset i god tid.
Du får ei venflon i arma som ein kan gi væske eller medisinar gjennom. Nokre gongar kan det vere aktuelt å gi ein avslappande medisin før sjølve prosedyren.
Du får låne sjukehustøy (pysjamas) og blir trilla i seng til ultralydlaben på røntgen som skal utføre leverbiopsien.
Under
Røntgenlegen fører ei spesiallaga nål inn i levra og tar vevsprøve av det området som skal undersøkast. Før sjølve undersøkinga blir huda vaska og dekt til, og du får lokalbedøving i huda. Under sjølve prosedyren blir du bedt om å halde pusten. Sjølve prøvetakinga tar berre eit par sekund.
Etter undersøkinga blir du trilla i senga tilbake til sengeposten. Du må faste i ytterlegare 2 timar, og halde senga i noen timar. I denne perioden blir blodtrykk og puls kontrollert. Ein kan av og til få litt smerter mot høgre skulder eller bak i ryggen etter inngrepet. Ved behov kan ein få smertesstillande medisin, men vanlegvis er det ikkje nødvendig. Du bør unngå tunge løft veka etter vevsprøven.
Heimreise
Du kan reise heim etter at observasjonstida er over. Dersom det oppstår komplikasjoner, beholder vi deg på sykehuset til dagen etter.
Resultat av undersøkinga
Vevsprøvene blir sendt til analyse hos patolog, og legen som har rekvirert undersøkinga får skriftleg svar. Du får nærare informasjon om resultatet og kva tiltak som ev. blir anbefalt. Dette vil skje anten ved at du blir innkalla til samtale, eller via brev eller telefon. Fastlegen din blir også orientert.
Vidare oppføging
Videre oppfølging vil skje hos fastlege eller ved poliklinikk på sjukehuset.
Ver merksam
Ta kontakt med avdelinga dersom du får sterke smerter i buken etter at du har reist heim.
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Parkering i parkeringshuset blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering. Det er i tillegg avsett fleire plassar for HC-parkering i 1. etasje i parkeringshuset.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Dei fleste bussar stoppar ved Passasjen parkering, parkeringshuset nord for hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Gå via parkeringshuset og ta trappa/heisen ned til første etasje der du kjem rett til hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.
Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.
Det er viktig at du tar med deg ei oppdatert medisinliste, som viser kva medisinar du bruker.
Barselavdelinga ved Ålesund sjukehus, har spisestove med døgnopen buffé. Kvinner og partnarar som er innlagde har dekt måltid, og ordnar mat til seg sjølv. I tilfelle det er behov for hjelp på grunn av helseutfordringar kan personalet hjelpe til med å hente måltid. For innlagde i avdelinga er det ein middag frå Fjordland per dag. Sjå instruksjonar i buffé for reinhald.
Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.
Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset.
Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.
Dersom du går ut av avdelinga må du på førehand avtale dette med pleiepersonalet. Om du ønskjer det, og behandlande lege tillet det, kan du få permisjonar over kortare tidsrom. Transportutgifter i samband med permisjonar må du dekke sjølv.
Ta med behagelege klede, innesko og toalettsaker. Sjukehuset tar ikkje ansvar for pengar og verdisaker du har med.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved hovudinngangen.
Kafé
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje, fløy M. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.