Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Leversvikt, Ålesund sjukehus
Levra har mange funksjonar. Den produserer galle, protein og koagulasjonsfaktorar. Levra er viktig for stoffskiftet og hormonbalansen. Den er også eit viktig lagringsorgan for karbohydrat, feittstoff, jern og vitamin. Mange medisinar og giftstoff blir brotne ned i levra. Ved leversvikt er levercellene skadde og klarer ikkje å utføre dei normale oppgåvene sine.
To grader av leverskade eller leversvikt
Avhengig av kor mykje og kor raskt levercellene blir skadde kan ein skilje mellom to grader av leverskade eller leversvikt. Reservekapasiteten til levra er stor, så leversvikt er relativt sjeldan. Ved akutt og stor levercelleskade blir akutt leversvikt utvikla. Dette er ein alvorleg tilstand. Andre organ som for eksempel nyrer kan også bli påverka.
Den vanlegaste årsaka til akutt leversvikt i Noreg er paracetamolforgiftning. Andre årsaker er virusinfeksjonar eller stoffskiftesjukdommar.
Ved kronisk leversjukdom er skaden mindre og utviklar seg over tid. Sjukdommen kan vere mild til moderat i mange år, men kan utvikle seg til alvorleg kronisk leversvikt eller få ei akutt forverring (akutt på kronisk leversvikt).
Eksempel på sjukdommar som kan føre til kronisk leversvikt er autoimmune leversjukdommar, hepatitt B og C, langvarig alkoholoverforbruk og overvekt.
Ved leversvikt kan ein ha ei rekke symptom som kjem av svikt i dei ulike funksjonane som levra har. Ein treng ikkje å ha alle symptoma, men ein kombinasjon av fleire er vanleg.
Vanlege symptom er gulskjer i huda og på det kvite i auga (gulsott/ikterus), væskesamling i magen (ascites) eller i beina, kløe, åreknutar på matrøyret (varicer), trøyttleik, forvirring (encefalopati), appetittløyse og vekttap.
Utgreiing
Vanlegvis vil pasienten oppsøke lege på grunn av symptom. Legen vil da som oftast gjennomføre fleire typar undersøkingar for å fastslå om du har leversvikt eller ikkje.
INR, bilirubin og albumin er stoff som blir målte i blodet, og er markørar for leverfunksjonen. Ved nedsett leverfunksjon vil INR og bilirubin stige og albumin søkke. Det er også vanleg med stigning i leverprøver (ASAT og ALAT). Ei rekke andre blodprøver kan vere forandra avhengig av kor alvorleg leversvikten er.
Vevsprøve frå levra (biopsi) blir ofte gjord dersom diagnosen er usikker.
Av og til blir det også gjort endoskopiske undersøkingar som for eksempel undersøkingar av gallegangane (ERCP) eller innvendig ultralyd (endoskopisk ultralyd).
Behandling
Vi ønsker å behandle årsaka til sjukdommen om det er mogleg, gjenopprette ubalansen som følge av leversvikten og forhindre utvikling til meir alvorleg leversvikt. Legen tar utgangspunkt i årsaka til leversvikten og funn i utgreiinga ved val av behandling.
Aktuell behandling kan vere medikament (f.eks. vassdrivande), endoskopisk behandling (f.eks. gastroskopi) og drenbehandling (f.eks. ascitestapping).
I alvorlege tilfelle kan det vere behov for behandling på intensiv avdeling.
I nokre tilfelle kan levertransplantasjon vere einaste behandlingsutveg. Ein må gå gjennom ei omfattande utgreiing for å sjå om ein er aktuell for transplantasjon. Ikkje alle er kandidatar for transplantasjon av ulike grunnar.
Oppfølging
Ein blir som regel følgt opp av lege med jamlege konsultasjonar, blodprøver og røntgenundersøkingar. Forløpet er individuelt. Nokon stabiliserer seg med tilfredsstillande leverfunksjon og kan kontrollerast vidare. Andre vil ha behov for levertransplantasjon.
Ved redusert, men stabil leverfunksjon, er det fint å vere i moderat fysisk aktivitet, helst litt kvar dag.
Eit generelt råd er å ha eit variert og sunt kosthald. Dersom ein er plaga med mykje væske i kroppen, kan det vere aktuelt å redusere saltinntaket. Du skal ikkje drikke alkohol.
Alle medisinar bør takast i samråd med lege.
Kan eg ta Paracetamol når eg har leversvikt?
Paracetamol bør berre takast i samråd med legen din og er ikkje anbefalt, eller i mindre dosar enn vanleg.
Kan eg bli frisk av leversvikt?
Ein kan bli frisk av leversvikt, om den for eksempel er alkoholrelatert og ein sluttar å drikke alkohol. Mange er stabile over lang tid utan forverring.
Kontakt
Ålesund sjukehusPoliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.
Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Betalingsalternativ
Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk.
Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
07.30–15.30
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved hovudinngangen.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje, fløy M. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.