Leversvikt, Ålesund sjukehus
Levra har mange funksjonar. Den produserer galle, protein og koagulasjonsfaktorar. Levra er viktig for stoffskiftet og hormonbalansen. Den er òg eit viktig lagringsorgan for karbohydrat, feittstoff, jern og vitamin. Mange medisinar og giftstoff blir brotne ned i levra. Ved leversvikt er levercellene skadd og klarer ikkje å utføre dei normale oppgåvene sine.
To grader av leverskade eller leversvikt
Avhengig av kor mykje og kor raskt levercellene blir skadde kan ein skilje mellom to grader av leverskade eller leversvikt. Reservekapasiteten til levra er stor, så leversvikt er relativt sjeldan. Akutt leversvikt blir utvikla ved akutt og stor levercelleskade. Dette er ein alvorleg tilstand. Andre organ som til dømes nyrer kan òg bli påverka.
Utredning
Behandling
Oppfølging
Kontakt
Ålesund sjukehus
Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund
Oppmøtestad
Poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar er lokalisert i 4. etasje i lågblokka, på nordsida av sjukehuset. Gå til poliklinikkane, inngang nord (Åsehaugen 5A) og følg den grøne streken på veggen.
Adresse
- I dag 08:00 - 16:00
Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5