Utgreiing til levertransplantasjon skjer på Rikshospitalet ved Oslo universitetssykehus (OUS). Du blir tilvist til OUS Rikshospitalet frå det lokale sjukehuset eller fastlegen din/legespesialist.
Det er ei omfattande utgreiing som tar fleire dagar. Hos pasientar med akutt leversvikt blir utgreiinga om mogleg noko kortare. Sjukehistoria di blir kartlagd, slik som tidlegare sjukdommar og komplikasjonar.
Du skal ta røntgenbilde av lunger, eventuelt CT-bilde. Vi tar også ultralyd av magen, hjarteundersøking med EKG, CT og eventuelt ekkokardiografi. Du skal til beinmineraltettleiksmåling, tannlege, sosionom og fysioterapeut. Det blir også tatt ei rekke blodprøver av deg.
Det kan vere du også må gjennom nokre av desse undersøkingane: ERC/MRC, leverbiopsi, endo-eller koloskopi, psykosomatisk vurdering, samtale med ernæringsfysiolog, PET-scan eller ein skjelettscitigrafi.