Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Lichen sclerosus-behandling

Lichen sclerosus (LS) er ein kronisk hudsjukdom som kan gi plager særleg i underlivet (genitalområdet) hos både kvinner og menn. Sjukdommen er vanlegare hos kvinner enn hos menn. Barn kan også få sjukdommen.

Lichen sclerosus er en kronisk, oftest kløende, hudlidelse som spesielt rammer huden i underlivet. Huden på resten av kroppen er sjelden angrepet.

Les meir på helsenorge.no

Sjukdommen blir sett på som ein autoimmun tilstand (kronisk betennelsestilstand). Årsaka er ukjend, men ho kjem ikkje av noka form for infeksjon eller smitte. 0,1–0,3 prosent av befolkninga kan ha LS.

Kvinner har ofte sterk kløe på kjønnslepper, på klitoris eller området rundt endetarmen. Huda kan få ein kvitaktig farge og kan etter kvart bli tynn, stiv og sigarettpapiraktig. Ein kan sjå små hudblødingar. Nokre får små rifter. Ubehandla kan ein få arrdanning og samanveksingar av huda i kjønnsdelane. Smerter ved samleie kan bli eit problem både på grunn av tilstanden til huda og på grunn av samanveksingane. LS påverkar ikkje slimhinnene i skjeden (vagina) eller livmora og har ingen effekt på graviditet. Hos menn ser ein forandringar på glans og forhuda. Huda kan også her bli kvitaktig farga, og nokre får små hudblødingar. LS ser ein oftare hos menn som ikkje er omskore. Forhuda kan bli trong, og nokre kan få problem med å dra forhuda tilbake. Ereksjon kan vere smertefullt. 

Både menn og kvinner kan ha tilsvarande hudforandringar andre stader på kroppen. 

Årsaka er ukjent. Arvelege faktorar kan vere medverkande. LS er ingen seksuelt overførbar infeksjon og er ikkje smittsam. 


Før

Vanlegvis blir diagnosen stilt ved at ein lege undersøker huda. Ved uvisse tar vi ei lita hudprøve (biopsi) som blir send inn til mikroskopisk undersøking hos ein patolog. Undersøkinga skjer i lokalbedøving.

Under

Målet med behandlinga er å lindre plagene dine, stoppe forverring og hindre arrdanningar.

Fuktkrem

Dagleg smørjing med fuktkrem eller olje kan lindre plagene.

Kortison

Den mest effektive behandlinga er sterke kortisonkremar som du bruker over lang tid. Det er vanleg å starte med dagleg smørjing i tre månadar. Det er viktig med vedlikehaldsbehandling 1–2 gongar i veka for å forhindre tilbakefall.

Kirurgiske inngrep

Hos kvinner med samanvoksingar i skjedeopninga (vulva) som hindrar til dømes samleie og vasslating, kan vi oppnå betring ved kirurgiske inngrep. I nokre tilfelle kan laserbehandling vere aktuelt.

Etter

LS er ein kronisk hudsjukdom, der livslang kortisonbehandling, ofte med tillegg av eigenmassasje av området med olje, kan vere nødvendig.

Ver merksam

Undersøkingar har vist at risikoen for hudkreft er noko større (cirka fem prosent) i område med LS. Vi anbefaler derfor å gå til kontroll minst éin gong i året.
 
Du bør også kontakte lege dersom du har sår som ikkje gror.
Sist faglig oppdatert 21.08.2024

Kontakt

SNR Kristiansund Hudpoliklinikken SNR Kristiansund

Kontakt Hudpoliklinikken SNR Kristiansund

Oppmøtestad

Hudpoliklinikken i Kristiansund finn du i 1. etasje. Gå inn hovudinngangen og til venstre for sentralbordet. Ekspedisjonen til Hudpoliklinikken ligg på venstre side i korridoren. Meld deg her ved ankomst.

Lysbehandling i Molde finn du i Høvdingbygget i Molde sentrum. Første til venstre når du kjem inn.  

Hovudinngangen ved Kristiansund sjukehus

SNR Kristiansund

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund

En bygning med biler parkert foran

SNR Molde

Byfogd Motzfeldts gate 8

Transport

​​Besøksparkering på tilvist stad.
 
  • Kjøp billett på parkeringsautomat eller i mobillapp (EasyPark eller Kristiansund parkering) ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appene EasyPark og Kristiansund parkering er også gode betalingalternativ ​
  • Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking. 
Kart
Grøn markering: parkering for besøkande. Oransje markering: HC-parkering. Raud markering: For blodgivarar. Lilla markering: ladestasjon

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Vi har reserverte parkeringsplassarplassar rundt Høvdingbygget for pasientar og blodgivarar. Følg skilting på området.  

Skisse som viser reservert parkering rundt Høvdingbygget.
Reserverte parkeringsplassar for Helse Møre og Romsdal er spreidd rundt bygget, markert i oransje på bildet over. Følg skilting på området. 

 

Pasientreiser

Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.

Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Bussen går innom busslomma ved SNR Kristiansund. Unntak er FRAM ekspress, men den korresponderer med bybussen.

Fly

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå SNR Kristiansund.

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–17.30

Laurdag og søndag: stengt

Kantina​​​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar. Du finn oss i 2. etasje. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 10:00 - 13:00
  • Helg og høgtid: stengt  

Kiosk

Vi har sjølvbetjent kiosk i 1. etasje ved SNRKristiansund. Her kan du kjøpe kaffi frå Espresso House og mineralvatn, smoothies, påsmurt, salatar, sjokolade, bollar, drops, magasin, hygieneprodukt og accessories frå vareskap. Kiosken er alltid open. Her er også enkle kafébord.

En person som holder et kamera
Kaffibar
Et rom med bord og TV og plante
Sjølvbetente vareskap, tilgjengeleg heile døgnet. 

 

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.