Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Lysbehandling
Medisinsk lysbehandling bruker vi ved ei rekke hudsjukdommar. Avhengig av type sjukdom og kor alvorleg den er avgjer kva type ultraviolett (UV) lys du får. Dosane er avhengige av hudtypen og kva hudsjukdom som skal behandlast. Behandlinga verkar dempande på betennelse, gir tjukkare overhud og auka pigmentering.
Tilvising og vurdering
Det er hudlege som tilvisier til lysbehandling.
Før
Du må fortelje oss kva medisinar du bruker, også naturmedisinar, da enkelte medisinar kan gi auka sensibilitet for lys slik at forbrenning lettare oppstår. Dette gjeld også enkelte kremar/salsvare.
Du må også halde oss oppdatert dersom du startar med nye medikament i behandlingsperioden. Dette gjeld også naturmedisinar.
Du bør vente med å påføre medisinske kremar som lokale steroid og D-vitaminkremar til etter behandlinga, eventuelt bør det gå minst to timar mellom påføring av medisinske kremar og lysbehandling. Område som ikkje treng behandling, for eksempel ansikt, bør dekkast til.
Under
Dersom vi skal behandle heile kroppen din står du inni eit lyskabinett.
Ved plagar/utslett i underliv, hovudbotn eller på hender/føter har vi lyskjelder til bruk på desse områda.
Behandlinga blir vanlegvis gitt tre til fem gonger i veka og bestrålinga tar frå sekund til fleire minutt.
Apparatet gir ein bestemt dose per behandling. Auke av dosen blir vurdert individuelt.
Talet på behandlingar varierer, men vil oftast ligge i området 15–30. Ved enkelte tilstandar er det snakk om behandling i lang tid med låg stråledose.
Ultrafiolett lys
Hovedtypane av ultrafiolett lys er UVA (langbølga) og UVB (kortbølga).
UVB blir delt inn i to undergrupper, smalspektra (TL01) og breispekta. Ein kan få éin type lys eller ein kombinasjon.
Dersom ein tar TL01-behandling kan det for mange vere nok med to gongar i veka. Denne behandlinga skal ein aldri ta to dagar etter kvarandre slik ein kan med UVA og breispektra UVB.
Ved Molde og Kristiansund sjukehus gir vi smalspektra UVB (TL01)
Ved Ålesund sjukehus gir vi breispektra UVB og UVA i tillegg til smalspektra UVB (TL01).
Ålesund sjukehus: kl. 08.00-11.45 og 13.00-15.30
Kristiansund sjukehus: kl 08.15-11.00 og 12.15-15.15
Molde sjukehus: måndag, onsdag og fredag kl 10.00-14.00
Etter tilvising og vurdering kan du bestille time for lysbehandling. Dette gjer du når du har avtale her hos oss.
Etter
For å unngå tørr og kløande hud bør du bruke fuktkrem etter behandlingane. På behandlingsdagane bør du unngå soling ute.
Ver merksam
Moglege biverknader
Forbrenning kan førekomme.
På behandlingsdagane bør du unngå soling ute.
UV-lys kan gi hudkreft, men for breispektra UVB er risikoen liten ved kontrollert behandling i avgrensa periodar. Risikoen blir alltid vurdert i forhold til den gode effekten behandlinga har.
Ved hyppig behandling kan du få raskare aldring av huda.
UVA-behandling kan gi plagsam varmeutvikling i kabinettet, og dette kan irritere huda og gi auka kløe hos enkelte eksempasientar.
Det er ikkje avklart i kva grad UVA kan bidra til kreftutvikling i huda.
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.
Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
07.30–15.30
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved hovudinngangen.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje, fløy M. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.
Hudpoliklinikken i Kristiansund finn du i 1. etasje. Gå inn hovudinngangen og til venstre for sentralbordet. Ekspedisjonen til Hudpoliklinikken ligg på venstre side i korridoren. Meld deg her ved ankomst.
Lysbehandling i Molde finn du i Høvdingbygget i Molde sentrum. Første til venstre når du kjem inn.
Kjøp billett på parkeringsautomat eller i mobillapp (EasyPark eller Kristiansund parkering) ved ankomst
Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
Appene EasyPark og Kristiansund parkering er også gode betalingalternativ
Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking.
Grøn markering: parkering for besøkande. Oransje markering: HC-parkering. Raud markering: For blodgivarar. Lilla markering: ladestasjon
Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:
Bussen går innom busslomma ved SNR Kristiansund. Unntak er FRAM ekspress, men den korresponderer med bybussen.
Fly
Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå SNR Kristiansund.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.
Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.
Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.
Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar. Du finn oss i 2. etasje. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 10:00 - 13:00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
Vi har sjølvbetjent kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus. Her kan du kjøpe kaffi frå Espresso House og mineralvatn, smoothies, påsmurt, salatar, sjokolade, bollar, drops, magasin, hygieneprodukt og accessories frå vareskap. Kiosken er alltid open. Her er også enkle kafébord.
KaffibarSjølvbetente vareskap, tilgjengeleg heile døgnet.
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.