Behandling

Lysbehandling

Medisinsk lysbehandling bruker vi ved ei rekke hudsjukdommar. Avhengig av type sjukdom og kor alvorleg den er avgjer kva type ultraviolett (UV) lys du får. Dosane er avhengige av hudtypen og kva hudsjukdom som skal behandlast. Behandlinga verkar dempande på betennelse, gir tjukkare overhud og auka pigmentering.

Tilvising og vurdering

Det er hudlege som tilvisier til lysbehandling.

Før

Før du startar behandlinga må du fortelle kva medisinar du brukar. Dette gjeld også naturmedisinar. Enkelte medisinar kan gjere deg meir følsam for lys, slik at du lettare blir brent. Dette gjeld også enkelte kremar/salvar.

Dersom du startar med nye medikament under behandlingsperioden, må du fortelje det til oss. Dette gjeld også naturmedisinar.

Du bør vente med medisinske kremar som lokale steroider og D-vitaminkremar til etter behandlinga, eventuelt må det gå minst to timer mellom medisinske kremar og lysbehandling. Område som ikkje treng behandling (for eksempel ansiktet) bør dekkast til.

Under

Dersom du skal behandle heile kroppen står du i eit lyskabinett. Ved plager/utslett i underliv, hovudbotn eller på hender/føter har vi spesielle lyskilder til bruk på desse områda (sitte-, kam-, hand- og fotsol). Behandlinga blir vanlegvis gitt tre til fem gongar i veka og strålinga tar frå nokre sekund til fleire minutt.

Apparatet gir ei bestemt dose per behandling. Auka dose blir vurdert individuelt.

Ultrafiolett lys

Hovedtypane av ultrafiolett lys er UVA (langbølga) og UVB (kortbølga).
UVB blir delt inn i to undergrupper, smalspektra (TL01) og breispekta. Ein kan få éin type lys eller ein kombinasjon.

Dersom ein tar TL01-behandling kan det for mange vere nok med to gongar i veka. Denne behandlinga skal ein aldri ta to dagar etter kvarandre slik ein kan med UVA og breispektra UVB.

Ved Molde og Kristiansund sjukehus gir vi smalspektra UVB (TL01)

Ved Ålesund sjukehus gir vi breispektra UVB og UVA i tillegg til smalspektra UVB (TL01).

  • Ålesund sjukehus: kl. 08.00-11.45 og 13.00-15.30
  • Kristiansund sjukehus: kl 08.15-11.00 og 12.15-15.15
  • Molde sjukehus: måndag, onsdag og fredag kl 10.00-14.00

Etter tilvising og vurdering kan du bestille time for lysbehandling. Dette gjer du når du har avtale her hos oss. 



Etter

For å unngå tørr og kløende hud bør du bruke fuktkrem etter behandlingane. På behandlingsdagane bør du unngå soling ute.

Ver merksam

  • Du kan bli brent
  • På behandlingsdagene bør du unngå soling ute 
  • UV-lys kan gi hudkreft, men for breispektra UVB er risikoen liten ved kontrollert behandling i avgrensa periodar. Risikoen blir alltid vurdert i forhold til den gode effekten behandlinga har
  • Ved hyppig behandling kan du få raskare aldring av huda
  • UVA-behandling kan gi plagsom varmeutvikling i kabinettet, og dette kan irritere huda og gi meir kløe for enkelte eksempasientar
  • Det er ikkje avklart i kva grad UVA kan bidra til kreftutvikling i huda

Kontakt

  • Kontakt Hudpoliklinikken Ålesund

    Oppmøtestad

    Hudpoliklinikken i Ålesund finn du ved inngang nord (poliklinikkinngangen), til venstre når du kjem inn.

    Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

    Ålesund sjukehus

    Åsehaugen 5

    Transport

    Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

    • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
    • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
    • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
    • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

    Endra parkeringsområde og stengd inngang nord (poliklinikkinngangen) 

    20. november 2023 stengde vi Inngang nord (poliklinikkinngangen) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. Under får du oversikt over dei nye parkeringsområda og korleis du lettast kjem til hovudinngangen.  

    Kart
    Stengd inngang er markert med raudt kryss. 

    Markerte område på bildet

    • Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
    • Gul markering: HC-parkering
    • Raud markering: Parkering for blodgivarar
    • Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis
    1. Hovudinngang
      Merk av- og påstiging "kyss og køyr sone" utanfor barne- og ungdomsavdelinga
    2. Administrasjonsbygget
    3. Akuttmottaket
    4. Alderspsykiatrisk døgn
    5. Alderspsykiatrisk poliklinikk
    6. Apotek
    7. Audiopedagogen
    8. Barne- og ungdomsavdelinga
    9. BUP
    10. Dagkirurgi Aust
    11. Habiliteringsbygget
    12. Kreftavdelinga
    13. Psykisk helsevern døgn
    14. Psykisk helsevern poliklinikk
    15. UPA
    16. Åse hotell
    17. Åsebøen 1
    18. Åsebøen 5

    Besøkande ved habiliteringsbygget, pårørande til barn ved audiopedagogen og barne- og ungdomsavdelinga kan få spesialbevis ved å ta kontakt med avdelingane.  

     

    ​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

    No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

    Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

    Buss

    Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

    Fly
    Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

    Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

    Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

    Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
     

    Praktisk informasjon

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

     

    Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

     

     

     

    ​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

    ​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

    ​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

    Åse hotell


    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

    ​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

    Opningstid

    07.30–15.30

    ​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

    Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

     

    Kantina​

    Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

    Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

    Opningstider:

    • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
    • Helg og høgtid: stengt

    Kios​k

    I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

    Opningstider:

    • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
    • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
    • Raude dagar: 10.00 - 18.00

    ​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

    Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

  • Kontakt Hudpoliklinikken Kristiansund

    Oppmøtestad

    Hudpoliklinikken i Kristiansund finn du i 1. etasje på sjukehuset. Gå inn hovudinngangen og til venstre for sentralbordet. Ekspedisjonen til Hudpoliklinikken ligg på venstre side i korridoren. Meld deg her ved ankomst.

    Lysbehandling i Molde finn du i apotekbygninga ved Molde sjukehus, Parkvegen 81. Inngang rundt hjørnet til høgre for apotekinngangen.

    Hovudinngangen ved Kristiansund sjukehus

    Kristiansund sjukehus

    Herman Døhlens vei 1

    6508 Kristiansund

    Transport

    ​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet.
     
    • Kjøp billett på parkeringsautomat eller i mobillapp (EasyPark eller Kristiansund parkering) ved ankomst
    • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
    • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
    • Appene EasyPark og Kristiansund parkering er også gode betalingalternativ ​
    Kart
    Grøn markering: parkering for besøkande. Oransje markering: HC-parkering. Raud markering: For blodgivarar. Lilla markering: ladestasjon f

    ​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

    No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

    Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

    Buss

    Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

    Fly
    Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

    Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

    Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

    Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
     

    Praktisk informasjon

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Besøkstida er 17.00-19.00 alle dagar.  ​



    Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

     

    Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

     

     

     

    ​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

    ​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

    ​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

    Opningstid

    Kvardagar: 07.30–17.30

    Laurdag og søndag: stengt

    Kantina​​​

    Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar. Du finn oss i 2. etasje. Velkomen!

    Opningstider:

    • Måndag til fredag: kl 10.00 - 14.00
    • Helg og høgtid: stengt  

    Kiosk

    I tillegg har vi kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

    ​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

    Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

    ​Eit trenings- og aktivitetsrom for kreftpasientar.

    Aktiv mot kreft jobbar for for å få fysisk aktivitet inn som ein del av behandlinga.

    Pusterommet er eit trenings- og aktivitetssenter som tilbyr tilpassa fysisk aktivitet til kreftpasientar under og etter behandling. Det er også ein møteplass og sosial arena for pasientar i same situasjon.

    Dei tilsette du møter på Pusterommet har spesialkompetanse innan fysisk aktivitet og kreft.

    Du kan delta i gruppetrening og/eller få individuelt tilrettelagt treningsprogram.

    Pusterommet i Kristiansund

    Pusterommet i Ålesund