Lyskebrokkoperasjon ved Volda sjukehus

Operasjon er det einaste behandlingsalternativet for brokk. Dersom det ikkje er teikn til avklemming av tarmen, kan legane anbefale at du ventar  med operasjon. Eldre personar med lite plager kan unngå operasjon heilt.

Fastlegen din undersøker deg først for å slå fast om kulen faktisk dreier seg om eit brokk. Dersom dette framleis er uklart etter den kliniske undersøkinga, kan det bli nødvendig å supplere med ultralyd eller CT-undersøking. Du blir så tilvist til operasjon for lyskebrokk. Dersom vi finn det nødvendig, vil du først bli undersøkt av kirurgen på poliklinikken, men ofte vil du få time direkte til operasjon.

Operasjonen blir vanlegvis utført på dagtid utan innlegging.

Tilvising og vurdering

Du blir tilvist frå fastlegen til ein kirurg på sjukehuset.

Det er fritt sjukehusval, og vi ønsker å tilby behandling for pasientar frå heile landet. 

Før

Før operasjonen må du faste. Det inneber at du ikkje kan ete, drikke, tygge tyggegummi/drops, snuse eller røyke. Magesekken må vere tom for at ikkje mat eller væske skal komme over i lungene under narkosen. Det er viktig at du følgjer instruksjonane om korleis du skal kome godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsetje operasjonen.

Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløyte) inntil 2 timar før planlagt operasjon. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisinar med eit glas vatn (maks. 150 ml).
Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.

Du blir du tatt imot av sjukepleiar. Mens du ventar på operasjonen får du snakke med anestesilege og kirurgen som skal operere deg. I dei aller fleste tilfella blir operasjonen utført i narkose.

Under

Det kirurgiske inngrepet er avhengig av kva metode kirurgen vel. Sjølve operasjonen tar ca 30-45 minutt, avhengig av operasjonsmetoden. 

Kikkholskirurgi (TAPP/TEP)

Ved kikkholskirurgi lager kirurgen eit lite kutt ved navlen. Kuttet er omtrent ein centimeter langt. Kirurgen fører eit laparoskop gjennom opninga. Laparoskop er eit instrument med lys og kamera, som gjer det mogleg å sjå inn i bukhola og i bukveggen via ein videoskjerm. Samtidig blir det laga eitt eller fleire kutt lenger ned på magen for å kunne føre inn operasjonsinstrument. Ved operasjonsmetodane som er kalla TAPP og TEP blir eit nett plassert på innsida av bukveggen for å forsterke det svake området og forhindre ny brokkdannelse.  Operasjonen må gjerast i narkose.

g_93c143b9_e197_42c6_88ec_2cf18d9744f6

Etter

Etter operasjonen blir du passa på til du vakner, og du får mat og drikke.

Før du reiser heim får du munnleg og skriftleg informasjon. Du får med deg nokre smertestillande tablettar og eventuelt resept og sjukmelding. Du kan ikkje køyre bil eller betene maskiner første døgnet etter operasjonen. Om nødvendig ordnar sjukehuset med transport heim.

Etter operasjonen skal du unngå tunge løft i ca. 2-3 veker. Vi anbefaler at du startar med lett fysisk aktivitet så snart som mogleg etter operasjonen.



Ver merksam

Litt hevelse, raudleg farge og smerte som stikkingar i såret er ikkje uvanleg den første tida etter operasjonen. Viss smertene ikkje går over og det siver væske frå såret bør du kontakte fastlegen din eller sjukehuset. 

Kontakt

Volda sjukehus Dagkirugi Volda
Ventetid: 8 - 24 uker

Ventetid: 8 - 24 uker

Kontakt Dagkirugi Volda

Oppmøtestad

Møt opp ved hovudinngangen og ta heisen til 2. etg. På høgre hand vil du sjå ei raud dør merka "Dagkirurgi". Velkommen til oss!

En stor bygning med et tre foran seg

Volda sjukehus

Kløvertunvegen 1

Transport

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ 

     

Kart

Grøn markering: Parkering for pasientar og besøkande

Oransje markering: Parkering for HC

Raud markering: Parkering for blodgivarar (ingen avgift) 

Lilla: Ladestasjon

P: Parkeringsautomatar

 

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Ventetid

8 uker til dagbehandling (24 totalt)

16 uker til utredning

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid kl. 17.00-19.00 alle dagar. 

Ta kontakt med aktuell avdeling før besøket. ​


På barselavdelinga gjeld følgjande besøkstider​​​​​​

For partnar som ikkje er innskriven i avdelinga saman med mor er kjernetida for besøk mellom kl 10.00-20.00.

Besøkstid for søsken og besteforeldre mellom kl 17.00 og 18.00.

Vi anbefaler ro rundt mor og barn i barseltida på sjukehuset.​​

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

08.00–16.30

Kantina

Hos oss får du god heimelaga mat til gode prisar. 

Middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00. I tillegg har vi litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Artiklar