Mage-tarmundersøkelse med 24 timers pH- og trykkmåling i spiserøret.
Manometri og pH (utan/med impedans) Dette er ei funksjonsmåling av spiserøyret.
Trykkmålinga gir informasjon om korleis muskulaturen oppfører seg, og korleis væske/fast føde passerer spiserøyret.
Refluks (tilbakestrømming) kallar vi det når væske og gass frå magesekken kjem opp i spiserøyret. Graden er varierande, men for mykje væske til spiserøyret kan irritere/stimulere slimhinna og gi deg symptoma dine. Vi undersøker grad av refluks til spiserøyret i 24 timar. Då væske lek opp i spiserøyret berre i korte periodar, er det nødvendig at du går med utstyret eit heilt døgn.
Før
Faste
Det er viktig at du ikkje et fast føde, drikk eller røyker minst 4 timar før undersøkinga.
Medisinar
Viss ikkje anna står i innkallingsbrevet skal du stoppe all syrehemmande medisin 7 dagar før undersøkinga. Dette gjeld medisinar som for eksempel Ranitidin og Somac.
12 timar før undersøkinga skal du stoppe med syrenøytraliserande medisinar, for eksempel Link.
24 timar før, stopp medisin som høyrer til gruppene kalsium antagonistar og nitrat, for eksempel Cardizem og Monoket.
12 timar før undersøkinga, stopp medisin av typen benzodiazepin, for eksempel Vival.
Viktig
Snakk med fastlegen din viss du lurer på om dette er medisinar du bruker, og om det er greitt å midlertidig stoppe dei.
Under
På sjukehuset går vi først gjennom eit spørjeskjema.
Trykk
Undersøkinga tar 20-30 minutt. Du får lokalbedøving med gel i nasebor. Kateteret (4 mm i diameter) blir ført gjennom nase, svelg, spiserøyret og ned i magesekken. Du ligg først på side/rygg. Du får vatn/saft (evt. litt brød eller liknande) i munnen som du skal svelgje på kommando. Svelg minst mogleg utanom kommando. Ofte gjentek vi alt i sittande stilling.
Refluks-undersøking
Eit tynt kateter i plastikk (1,5 mm i diameter) blir ført gjennom nase, svelg, spiserøyret og ned i magesekken. Kateteret sender data til ein berbar opptakar, kor alle data blir lagra og vi les av seinare.
24 timar med kateter
Det tynne kateteret i svelget ditt vil du akseptere raskt. Det viser seg at vi får mest ut av undersøkinga viss du er i vanleg aktivitet og utfører dine daglege gjeremål heime og/eller på jobb. Helst vil vi at du går tilbake på jobb, evt. gjer forfallande arbeid inne eller utearbeid.
Ikkje bruk syrehemmande/nøytraliserande midlar eller alkohol i løpet av undersøkinga, viss ikkje anna blir sagt.
Du kan ete og drikke som vanleg, men utanom måltida skal du ikkje drikke sure drikker, mineralvatn eller ete appelsinar.
Trykk på knappen og fyll ut skjema
Viss du får dine typiske symptom, må du trykke på knappen på apparatet. Skriv også ned klokkeslettet for hendinga i skjemaet du får med deg. Dette er svært viktig for tolkinga av resultatet.
Hugs også å trykke på knappen og notere klokkeslett for start og slutt av måltid, i tillegg til klokkesletta for kvile (liggande stilling) og søvn. Dette noterer du i skjemaet.
Viss det er noko du lurer på det døgnet du går med kateteret, kontakt oss på telefon.
Etter
Du må kome tilbake neste dag, etter ca 24 timar, med opptakaren og skjemaet. Resultatet av undersøkinga og kva vi anbefaler, blir sendt fastlege/tilvisande lege.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund
Ventetid: Ikke oppdatert
Ventetid: Ikke oppdatert
Kontakt Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar ÅlesundOppmøtestad
Poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar er lokalisert i 4. etasje i lågblokka, på nordsida av sjukehuset. Gå til poliklinikkane, inngang nord (Åsehaugen 5A) og følg den grøne streken på veggen.
Adresse
- I dag 08:00 - 16:00
Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5