Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Malignt melanom (Føflekkreft)

Malignt melanom er ei av dei vanlegaste kreftformene i Noreg. Førekomsten har vore sterkt aukande sidan 1960-talet. Den viktigaste risikofaktoren for melanom er solskade. Personar med lys hudtype har særleg auka risiko. Arv er sjeldan ei årsak til melanom. Dei fleste melanom oppstår i normalt pigmentert hud, mens rundt ein tredel oppstår i eksisterande føflekker. Eit melanom blir kjenneteikna ved ujamn avgrensing, misfarging, størrelse og endring. Melanom kan vere sortpigmentert, men kan også ha raudleg eller blåleg preg eller vere utan farge.

Tilvising og vurdering

Diagnosen blir stilt ved å skjere bort den mistenkte forandringa i huda. Dette blir som regel gjort på fastlegekontoret eller hos hudlege.

Utredning

Huda som er fjerna blir sendt inn til undersøking i mikroskop. Ved store hudforandringar eller der fjerning medfører store kosmetiske konsekvensar, kan det takast prøve av ein del av forandringa. Ved påvist melanom blir du informert om diagnosen, og tilvist til ei kirurgisk avdeling på lokalsjukehus. 

Kirurgi ved påvist melanom

Når det er påvist melanom vil tjukna vere avgjerande for vidare behandling. Sjølv om heile forandringa er fjerna, skal arret etter prøvetaking fjernast med 1-3 cm fri margin ned til underliggande muskelhinne, for å redusere risiko for lokalt tilbakefall. Det blir som regel eit langt større sår ved fjerning av sikkerheitsmargin enn ved den første operasjonen. Derfor kan vere behov for å transplantere hud for å få lukka såret eller dekke såra med ein hudlapp. Ved forstadium til melanom er det tilstrekkeleg at arret blir fjerna med ein margin på 5 mm. 

Ved ei tjukn på 1,1 mm eller meir vurderer vi om vi skal å utføre vaktpostlymfeknute- diagnostikk. Vaktpostlymfeknuten er første lymfeknute som eventuelt får kreftceller ved spreiing. Som regel er det éin vaktpostlymfeknute, men det kan også vere fleire. Ved å operere ut vaktpostlymfeknuten og undersøke han i mikroskop, kan vi finne ut om kreften har begynt å spreie seg. Vaktpostlymfeknutane finst vanlegvis i lysken, armhola eller på halsen. For å lokalisere vaktpostlymfeknuten, blir det sett inn eit sporstoff rundt arret dagen før operasjonen. Ved vaktpostlymfeknutediagnostikk blir du vist til ei lokal plastikkirurgisk avdeling.  

Sjølve inngrepet går føre seg i narkose og blir gjort samtidig som sikkerheitsmarginen rundt arret blir fjerna. Svar på om det er spreiing i vaktpostlymfeknuten får du som regel nokre veker etter operasjonen. 

 

​​​Pakkeforløp heim​

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.

Pakkeforløp heim for kreft (helsenorge.no)​

Behandling

Dersom du har kreft, blir det no planlagd kva behandling som er best for deg. Avgjerd om behandlinga di blir teken i samråd med deg, vanlegvis basert på vurdering i eit tverrfagleg team-møte.

Det finst fleire moglege behandlingar. Kva som er best for deg kan du og helsepersonell komme fram til saman. Dette blir kalla samval. Å vere med og bestemme er ein rett du har.

Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.

Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:

  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?

Les meir om samval på helsenorge.no

Behandling ved kreftceller i vaktpostlymfeknuten

Ved funn av kreftceller i vaktpostlymfeknuten vil vidare behandling bli diskutert i eit tverrfagleg møte. Både kor stort område med spreiing som er funnen, og tilleggssjukdommar og alder, vil avgjere vidare oppfølging og behandling. Som regel vil vi tilrå å vurdere medikamentell etterbehandling for å redusere risiko for tilbakefall. I somme tilfelle kan det vere aktuelt å operere ut fleire lymfeknutar frå det same området. 

Behandling ved fjernspreiing

Spreiing finst hyppigast i lymfeknutar nær der melanomet har vore lokalisert, men spreiing kan også finnast til lunger, lever, hjerne, skjelett og hud. Ved mistanke om spreiing blir det som regel vurdert utgreiing med CT/MR/PET-CT. Mistanke om spreiing bør bli stadfesta med vevsprøve. Dersom påvist spreiing er avgrensa og tilgjengeleg for å bli fjerna, vil kirurgisk behandling som regel vere førstevalet.

Har sjukdommen spreidd seg i ei grad der kirurgi ikkje lenger vil føre til helsebot, må ein vurdere annan type behandling.

Behandling ved spreidd sjukdom

I desse tilfella er behandlinga individuell. Behandlinga blir vurdert i samarbeid mellom kreftlege og plastisk kirurg. Medikamentell behandling i form av tablettar eller immunterapi kan bli vurdert. Behandlinga kan gi skrumping av tumor og symptomlindring, og dessutan forlengd levetid.

Oppfølging

Første kontroll ved påvist melanom utan spreiing skal gå føre seg 3 månader etter kirurgi, hos hudlege eller fastlege. Stadieinndelinga til sjukdommen bestemmer hyppigheita og varigheita til kontrollane, og om og når det skal takast radiologiske undersøkingar. Ved påvist spreiing vil du vanlegvis bli følgt opp hos kreftlege på lokalsjukehuset.

Rehabilitering og meistring ved kreftsjukdom

Det finst ei rekkje tilbod som kan vere ei hjelp til å komme tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenkje rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og byrjinga av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med så god livskvalitet som mogleg.

Ver merksam

Du må straks kontakte lege dersom ein føflekk veks i størrelse, endrar form eller farge, eller dersom du oppdagar ein kul i lyske eller armhole.

Sist faglig oppdatert 03.11.2025

Kontakt

  • Kontakt Hudpoliklinikken Ålesund

    Oppmøtestad

    1. etasje, fløy DS. 

    Hovudinngangen sett frå utsida.

    Ålesund sjukehus

    Åsehaugen 5

    Transport

    Parkering

    Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Parkering i parkeringshuset blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

    Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

    Betalingsalternativ
    • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
    • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
    • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
    • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
    • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
    HC-parkering

    HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

    Oversikt over sjukehusområdet

    Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
    Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering. Det er i tillegg avsett fleire plassar for HC-parkering i 1. etasje i parkeringshuset.  

    Kart

    For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

    Finn fram på sjukehuset med Mazemap

     

    Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

    Hovudinngang Ålesund sjukehus
    Åsehaugen 5D
    Administrasjonsbygget
    Åsehaugen 1b
    Akuttmottak
    Åsehaugen 5C
    Apotek
    Åsehaugen 5A
    Audiopedagogen
    Åsehaugen 9
    Dagkirurgi aust
    Åsehaugen
    Barne- og ungdomsavdelinga
    Åsehaugen 11
    Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
    Geilebergvegen 20
    Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
    Geilebergvegen 18
    Habiliteringsbygget
    Åsehaugen 3
    Kreftavdelinga
    Åsehaugen 17
    Psykiatribygget
    Åsehaugen 7A
    Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
    Geilebergvegen 20
    Åse hotell
    Åsehaugen 7
    Åsebøen 1
    Åsebøen 5

    ​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

    Ladestasjonar for el-bil

    Pasientreiser

    Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

    Buss

    Dei fleste bussar stoppar ved Passasjen parkering, parkeringshuset nord for hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

    Gå via parkeringshuset og ta trappa/heisen ned til første etasje der du kjem rett til hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

    Fly

    Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
     

    Praktisk informasjon

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

    Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

    ​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

    ​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

    ​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

    Åse hotell

     

    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

    ​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

    Opningstid

    07.30–15.30

    Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider 

    ​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

    Kafé

    Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

    Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

    Opningstider:
    • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
    • Helg og høgtid: stengt

    Kios​k

    I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
    Opningstider:
    • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
    • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
    • Raude dagar: 10.00 - 18.00

    ​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

    Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

  • Kontakt Hudpoliklinikken SNR Kristiansund

    Oppmøtestad

    Hudpoliklinikken i Kristiansund finn du i 1. etasje. Gå inn hovudinngangen og til venstre for sentralbordet. Ekspedisjonen til Hudpoliklinikken ligg på venstre side i korridoren. Meld deg her ved ankomst.

    Lysbehandling i Molde finn du i Høvdingbygget i Molde sentrum. Første til venstre når du kjem inn.  

    Hovudinngangen ved Kristiansund sjukehus

    SNR Kristiansund

    Herman Døhlens vei 1

    6508 Kristiansund

    En bygning med biler parkert foran

    SNR Molde

    Byfogd Motzfeldts gate 8

    Transport

    ​​Besøksparkering på tilvist stad.
     
    • Kjøp billett på parkeringsautomat eller i mobillapp (EasyPark eller Kristiansund parkering) ved ankomst
    • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
    • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
    • Appene EasyPark og Kristiansund parkering er også gode betalingalternativ ​
    • Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking. 
    Kart
    Grøn markering: parkering for besøkande. Oransje markering: HC-parkering. Raud markering: For blodgivarar. Lilla markering: ladestasjon

    ​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

    Ladestasjonar for el-bil

    Vi har reserverte parkeringsplassarplassar rundt Høvdingbygget for pasientar og blodgivarar. Følg skilting på området.  

    Skisse som viser reservert parkering rundt Høvdingbygget.
    Reserverte parkeringsplassar for Helse Møre og Romsdal er spreidd rundt bygget, markert i oransje på bildet over. Følg skilting på området. 

     

    Pasientreiser

    Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.

    Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

    Buss

    Bussen går innom busslomma ved SNR Kristiansund. Unntak er FRAM ekspress, men den korresponderer med bybussen.

    Fly

    Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå SNR Kristiansund.

    Praktisk informasjon

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

    Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

    ​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

    ​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

    ​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

    Opningstid

    Kvardagar: 07.30–17.30

    Laurdag og søndag: stengt

    Kantina​​​

    Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar. Du finn oss i 2. etasje. Velkomen!

    Opningstider:
    • Måndag til fredag: kl 10:00 - 13:00
    • Helg og høgtid: stengt  

    Kiosk

    Vi har sjølvbetjent kiosk i 1. etasje ved SNRKristiansund. Her kan du kjøpe kaffi frå Espresso House og mineralvatn, smoothies, påsmurt, salatar, sjokolade, bollar, drops, magasin, hygieneprodukt og accessories frå vareskap. Kiosken er alltid open. Her er også enkle kafébord.

    En person som holder et kamera
    Kaffibar
    Et rom med bord og TV og plante
    Sjølvbetente vareskap, tilgjengeleg heile døgnet. 

     

    ​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

    Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.