Undersøkinga krev inga førebuing. Det er ein fordel å ta på lette og ledige klede utan metall som knappar, spilar eller glidelås i midje-/lårområdet.
Måling av beintettleik
Beintettleik blir målt med ei enkel røntgenundersøking med ein metode som er kalla DXA (dual-energy X-ray absorptiometry). Metoden gir mindre stråling enn vanleg røntgen. Vi måler vanlegvis beintettleik i hofte og nedre del av ryggen.
Tilvising og vurdering
Undersøkinga blir utført etter tilvising frå lege.
Henvisning til beintetthetsmåling / vurdering av osteoporose bør innehalde:
1 Anamnese
a. Familieanamnese på brot – særleg om mor/far har hatt hoftebrudd/lårhalsbrudd
b. Eigen bruddanamnese – tap av høgde frå ung alder
c. BMI, røyking, tidleg menopause, inaktivitet/bevegelseshemming
d. Sjukdommar som disponerer for osteoporose (til dømes kroniske inflammatoriske sjukdommar, diabetes, hyperthyreose, hyperparathyroidisme, malabsorbsjon, nyresvikt, alkoholisme)
e. Medikament som disponerer for osteoporose (til dømes glukokortikoider, aromatsehemmarar, antiandrogener, antiepileptika, protonpumpehemmarar)
f. Tidligare eller noverande behandling for osteoporose
2 Røntgen av ryggen
Dette kan vere nyttig før undersøkinga ved høydetap over 3–4 cm hos eldre pasientar og mistanke om virvelbrot. Dersom det føreligg atraumatiske virvelbrot, er det oftast indikasjon for behandling – uansett resultatet av beintettleiksmålinga. Ein bør også utgreie for andre bakenforliggjande sjukdommar.
Tilvisinga må innehalde informasjon om:
- Informasjon om risikofaktorar og relevant sjukdom
- Medikamentbruk
Om pasienten tek førebyggande medisinar for osteoporose - Om det er sett i gang behandling av osteoporose
- Relevante blodprøver
- Resultat av tidlegare målingar av beinmasse
- Om pasienten har protesar eller anna metall i hofte/rygg
Det kan ikkje utførast målingar i område der pasienten har metall.
Før
Under
Undersøkinga tek 15-20 minutt. Du ligg på ryggen på ein røntgenbenk, med beina litt frå kvarandre. For å få riktig vinkel på hofteledda under målinga, blir ei kasse med skrå sider plassert mellom føtene dine. Rygg og hofte blir skanna av ein "arm" som beveger seg over deg. Vi tar og eit sidebilete av ryggen. Du ligg då på sida med øvre arm kvilande på ei pute.
Etter
Ein lege granskar bileta og skriftleg rapport blir send til legen som tilviste deg. Om resultatet tilseier det, kjem legen med forslag til behandling.
Viser målingane forstadiet til beinskjørheit (osteopeni) eller beinskjørheit (osteoporose) gjer ein målingane på nytt etter 2–5 år. Slik kan vi følgje med på utviklinga og gi deg best mogleg behandling. Dei siste åra har det blitt meir vanleg å følgje effekten av osteoporosebehandling med ein blodprøve (P1NP) framfor beintetthetsmålingar.
Kontakt
-
Kontakt Radiologi SNR Kristiansund
Oppmøtestad
Radiologisk avdeling finn du i 1. etasje.
Bruk hovudinngangen til sjukehuset.Ta kontakt med røntgenekspedisjonen ved frammøte.

SNR Kristiansund
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund
Transport
Besøksparkering på tilvist stad.- Kjøp billett på parkeringsautomat eller i mobillapp (EasyPark eller Kristiansund parkering) ved ankomst
- Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
- Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
- Appene EasyPark og Kristiansund parkering er også gode betalingalternativ
- Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking.
Grøn markering: parkering for besøkande. Oransje markering: HC-parkering. Raud markering: For blodgivarar. Lilla markering: ladestasjon Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:
Pasientreiser
Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.
Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no
Buss
Bussen går innom busslomma ved SNR Kristiansund. Unntak er FRAM ekspress, men den korresponderer med bybussen.Fly
Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå SNR Kristiansund.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familien blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe avdeling for radiologi, Kristiansund sjukehus på telefon 71 12 24 50 mandag - fredag i tidsrommet 08.00-11.00 og 13.00-14.30.
Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert.
Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.
Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.
Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.
Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset.
Treng du nokon å snakke med?
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
Kvardagar: 07.30–15.30
Laurdag og søndag: stengt
Kantina
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar. Du finn oss i 2. etasje. Velkomen!
Opningstider:
- Måndag til fredag: kl 11:00 - 13:00
- Helg og høgtid: stengt
Kiosk
Vi har sjølvbetjent kiosk i 1. etasje ved SNR Kristiansund. Her kan du kjøpe kaffi frå Espresso House og mineralvatn, smoothies, påsmurt, salatar, sjokolade, bollar, drops, magasin, hygieneprodukt og accessories frå vareskap. Kiosken er alltid open. Her er også enkle kafébord.
Kaffibar Sjølvbetente vareskap, tilgjengeleg heile døgnet. Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.
-
Kontakt Radiologi Ålesund
Oppmøtestad
Radiologisk avdeling finn du i 1. etasje.
Bruk hovudinngangen til sjukehuset.Ta kontakt med røntgenekspedisjonen ved frammøte.

Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5
Transport
Parkering
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Parkering i parkeringshuset blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no
Betalingsalternativ
- Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk.
- Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset.
- Faktura. Ver merksam på fakturagebyr.
- På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
- Appen EasyPark er også eit godt betalingsalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringsbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering. Det er i tillegg avsett fleire plassar for HC-parkering i 1. etasje i parkeringshuset. Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Finn fram på sjukehuset med Mazemap
Vestibyleskilt Ålesund sjukehus web2.pdf
Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet
Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:
Pasientreiser
Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no
Buss
Dei fleste bussar stoppar ved Passasjen parkering, parkeringshuset nord for hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Gå via parkeringshuset og ta trappa/heisen ned til første etasje der du kjem rett til hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familien blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe:
- Avdeling for radiologi, Ålesund sjukehus på telefon 70 10 55 40 mandag - fredag i tidsrommet 08:00 - 15:30.
- Nukleærmedisin på telefon 70 10 56 27 mandag - fredag i tidsrommet 07:30 - 15:00.
Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passar. Unytta timar som ikkje er varsla, blir fakturert med ekstra gebyr.
Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.
Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.
Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.
Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset.
Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.
Treng du nokon å snakke med?
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
07.30–15.30
Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved hovudinngangen.
Kafé
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje, fløy M. Velkomen!
Opningstider:
- Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
- Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovudvestibylen ved sjukehuset.Opningstider:
- Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
- Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
- Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.
-
Kontakt Radiologi Volda
Oppmøtestad
Radiologisk avdeling finn du i 1. etasje.
Bruk hovudinngangen til sjukehuset.Ta kontakt med røntgenekspedisjonen ved frammøte.

Volda sjukehus
Kløvertunvegen 1
Transport
Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under.
- Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
- Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
- Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
- Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ
- Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking.
- Hovudinngang
- Akuttmottak
- Volda DPS
- BUP
- Grøn markering: Parkering for pasientar og besøkande
- Oransje markering: Parkering for HC
- Raud markering: Parkering for blodgivarar (ingen avgift)
- Lilla: Ladestasjon
- P: Parkeringsautomatar
Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:
Pasientreiser
Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.
Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no
Buss
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Volda sjukehusFly
Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familien blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Besøkstid kl. 17.00-19.00 alle dagar.
Ta kontakt med aktuell avdeling før besøket.
På barselavdelinga gjeld følgjande besøkstider
For partnar som ikkje er innskriven i avdelinga saman med mor er kjernetida for besøk mellom kl 10.00-20.00.Besøkstid for søsken og besteforeldre mellom kl 17.00 og 18.00.Vi anbefaler ro rundt mor og barn i barseltida på sjukehuset.Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe Radiologi Volda på på telefon 70 05 82 66 i tidsrommet 08:00 - 15:30.
Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert.
Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.
Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.
Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.
Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset.
Treng du nokon å snakke med?
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
08.00–16.30
Kantina
Hos oss får du god heimelaga mat til gode prisar.
Middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00. I tillegg har vi litt kioskvarer, kringler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.
Opningstider
- Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
- Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00