Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Molluskbehandling

Molluskar er ein smittsam, men ufarleg hudinfeksjon, der 2–5 millimeter store utvekstar veks fram i det ytste laget til huda (hornlaget). Infeksjonen kjem av Molluscum Contagiosum Virus (MCV) som er i Poxvirus-familien. Det tar vanlegvis frå to til åtte veker frå ein blir smitta til molluskane dukkar opp.

Mollusker er en smittsom, men ufarlig hudinfeksjon som skyldes et virus. Molluskene forsvinner som oftest av seg selv uten behandling.

Les meir på helsenorge.no

Molluskane er små, rosa til hudfarga, glatte, kuleforma forandringar med ei lita sentral nedsenking. Ofte inneheld dei ein osteaktig masse.

Tilstanden finst særleg hos barn, og forandringa sit typisk på overkroppen og armanes innside. Hos vaksne, der tilstanden kan smitte ved seksuell kontakt, finn ein molluskane oftast på kjønnsorganet, på låra eller på nedre del av magen.

Molluskane kan klø, og eksem kan oppstå rundt molluskane som resultat av kløe. Kloring kan medføre at det oppstår bakterieinfeksjon i huda.

Viruset smittar gjennom hudkontakt, men smittefaren er relativt liten ved vanleg samvær. Viruset kan også overførast via handkle og klede. Utslettet kan spreiast lokalt på kroppen via kloring og barbering.

Før

Forandringane har ein karakteristisk utsjånad og diagnosen er derfor nesten alltid enkel å stille. Molluskane er ofte lett gjenkjennelege, men kan forvekslast med kjønnsvorter (kondylomer).

Under

Molluskane forsvinn oftast av seg sjølve og behandling er vanlegvis unødvendige. Dersom molluskane blir opplevde plagsame eller om ein ønsker behandling på grunn av smittefare, finst ulike alternativ.

Ved synlege molluskar blir det anbefalt å ikkje barbere, klø eller klore på området. Ein bør vaske hendene etter berøring og bruke eige handkle for å unngå smitte.

Molluskar kan fjernast kirurgisk ved at dei blir skrapa bort med ei skarp skei, eller ved å pirke ut innhaldet med ein sprøytespiss. Dette kan gi ein viss fare for danning av arr. Frysebehandling med flytande nitrogen (Cryo) er også ofte effektivt. Nokre legemiddel som blir brukte i behandling av vorter også verke på molluskar.

Etter

Hos dei fleste forsvinn molluskane av seg sjølve i løpet av 6–9 månader, men hos nokon kan det ta opptil 2–3 år. Spesielt hos personar med atopisk eksem eller nedsett immunforsvar kan infeksjonen vare lenger og utslettet bli meir utbreidd.

Sist faglig oppdatert 26.05.2026

Kontakt

SNR Kristiansund Hudpoliklinikken SNR Kristiansund

Kontakt Hudpoliklinikken SNR Kristiansund

Oppmøtestad

Hudpoliklinikken i Kristiansund finn du i 1. etasje. Gå inn hovudinngangen og til venstre for sentralbordet. Ekspedisjonen til Hudpoliklinikken ligg på venstre side i korridoren. Meld deg her ved ankomst.

Lysbehandling i Molde finn du i Høvdingbygget i Molde sentrum. Første til venstre når du kjem inn.  

Hovudinngangen ved Kristiansund sjukehus

SNR Kristiansund

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund

En bygning med biler parkert foran

SNR Molde

Byfogd Motzfeldts gate 8

Transport

​​Besøksparkering på tilvist stad.
 
  • Kjøp billett på parkeringsautomat eller i mobillapp (EasyPark eller Kristiansund parkering) ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appene EasyPark og Kristiansund parkering er også gode betalingalternativ ​
  • Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking. 
Kart
Grøn markering: parkering for besøkande. Oransje markering: HC-parkering. Raud markering: For blodgivarar. Lilla markering: ladestasjon

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Vi har reserverte parkeringsplassarplassar rundt Høvdingbygget for pasientar og blodgivarar. Følg skilting på området.  

Skisse som viser reservert parkering rundt Høvdingbygget.
Reserverte parkeringsplassar for Helse Møre og Romsdal er spreidd rundt bygget, markert i oransje på bildet over. Følg skilting på området. 

 

Pasientreiser

Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.

Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Bussen går innom busslomma ved SNR Kristiansund. Unntak er FRAM ekspress, men den korresponderer med bybussen.

Fly

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå SNR Kristiansund.

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–17.30

Laurdag og søndag: stengt

Kantina​​​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar. Du finn oss i 2. etasje. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 10:00 - 13:00
  • Helg og høgtid: stengt  

Kiosk

Vi har sjølvbetjent kiosk i 1. etasje ved SNRKristiansund. Her kan du kjøpe kaffi frå Espresso House og mineralvatn, smoothies, påsmurt, salatar, sjokolade, bollar, drops, magasin, hygieneprodukt og accessories frå vareskap. Kiosken er alltid open. Her er også enkle kafébord.

En person som holder et kamera
Kaffibar
Et rom med bord og TV og plante
Sjølvbetente vareskap, tilgjengeleg heile døgnet. 

 

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.