Behandling, Anestesi
Narkose hos barn
Anestesi er eit anna namn for bedøving eller narkose og betyr «utan følelse». Anestesi blir brukt for å sikre at pasienten ikkje har smerter og ubehag når det vert utført undersøking eller operasjon. Ein forelder/føresett er med inn på operasjonsstua, til barnet har sovna.
Det er viktig at barnet eller ungdomen får forberede seg. Barn og unge som veit ein del om kva som skal skje, er mindre redde og deltar meir aktivt.
Planlegging av anestesi
Vi ønsker å planlegge godt før de kjem inn, derfor er det viktig at vi har nøyaktig informasjon om barnet, som:
- Alder
- Vekt
- Allergiar og andre sjukdommar
- Faste medisinar
- Lause tenner
Alle formar for bedøving har ein risiko, og vår viktigaste jobb er å førebygge og minske denne risikoen. Er du usikker eller har spørsmål, ta kontakt med aktuell avdeling.
Dersom barnet er forkjøla eller fått akutt sjukdom, kontakt sjukehuset for å høyre om undersøkinga eller operasjonen må utsetjast.
Før
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må barnet faste. Dersom barnet ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal barnet ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Spedbarn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timer før, og morsmjølk inntil 3 timer før. Dei siste 2 timane skal barnet unngå drops og tyggegummi, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhold og magesyre. Barnet kan drikke klare væsker frem til 1 time før operasjon/undersøking: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Barnet kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk: Skal stoppast 6 timer før
Morsmjølkerstatning: Skal stoppast 4 timer før
Morsmjølk: Skal stoppast 3 timer før
Drops og tyggegummi, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Klare væsker: Skal stoppast 1 time før
Dersom barnet likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får dere i så fall beskjed om.
Dersom barnet bruker medisinar eller inhalasjonar, skal desse takast med til sjukehuset og de vil få beskjed om kva faste medisinar barnet skal ta.
Under
Anestesi
Anestesilege bestemmer kva bedøving som er best for kvart enkelt barn.
Når barn og unge skal ha narkose og sove, får dei fleste sovemedisin i venekanyla. Av og til blir sovemedisinen gitt som gass, som ein pustar inn via ei maske. For å forberede barnet best mogeleg er det viktig å fortelje at alle som skal operere pustar inn oksygen i maska før dei sovnar.
Som foreldre/føresette avtaler de med avdelinga om kvar de ventar medan barnet søv. Ta gjerne med noko å lese.
Avslappande medisinar
Dei fleste barn under 6 år, og i enkelte tilfelle opptil 10 år, får medisin som gjer at dei blir trøytte/sovnar, før innlegging av venekanyle. Denne blir gitt som mikstur, tablett, i endetarmen eller som nasedråper/spray.
Målet er at barnet søv seg inn i narkosen og ut av narkosen, og vaknar når narkosemedisinane er ute av kroppen, på oppvaknings/postoperativ-avdelinga.
Dersom eldre barn og unge er engstelege og urolege, kan vi gi medisin som verkar beroligande, før dei skal inn til undersøking/operasjon.
Etter
Oppvakning
Barnet kan ver uroleg etter narkosen. Årsaka kan vere sovemedisinen, og treng ikkje å vere på grunn av ubehag eller smerter etter undersøkinga/operasjonen.
Det er viktig at barnet får ro i denne fasen.
Smertelindring
Barnet får behandling for smerter og eventuelt kvalme. Dette i form av stikkpiller eller medisin i venekanyla. Mange operasjonar gir noko ubehag eller smerter etterpå, og vi har medisinar som vi gir dersom barnet trenger det.
Heimreise
Før heimreise vil legen snakke med dykk om kva ein må passe på etter undersøkinga/operasjonen. Som hovudregel skal barnet ha ete, drukke og tissa før de reiser heim. De vil og få informasjon om eventuelt bruk av smertestillande medisin.
Ver merksam
Blødingar etter operasjonar er sjeldan.
Om barnet begynner å blø i større mengder etter at de er komen heim, kontakt sjukehuset eller ring 113.
Det er vanleg å ha litt høgare temperatur dagen etter operasjonen. Dersom barnet har feber over 38,5 grader, eller feber i meir enn 3 dagar, kan det vere teikn på infeksjon og lege må kontaktast.
Ta gjerne kontakt med den aktuelle avdelinga, dersom de har fleire spørsmål.