Nevropsykologisk utgreiing
Klinisk nevropsykologi er å bruke kunnskap om hjernen og psykologi for å undersøke og forstå verknader av skade eller sjukdom i sentralnervesystemet.
Innhaldet i undersøkinga vil variere noko frå person til person. Som regel startar den med ein samtale for å få informasjon om situasjonen din og bakgrunnen for at du kjem til undersøkinga. Det kan også vere aktuelt å snakke med pårørande og/eller andre som kjenner deg, dersom du synest det er greit. I dei fleste tilfella blir det gjennomført ulike testar. Dette er testar som mellom anna kartlegg korleis hjernen arbeidar med forskjellige oppgaver når vi skal konsentrere oss, hugse ting og løyse problem i kvardagen.
Tilvising og vurdering
Fastlege og psykolog kan tilvise til nevropsykologisk utgreiing. Pasientar kan også bli tilvist frå andre sjukehusavdelingar. Tilvisinga blir vurdert innan 10 verkedagar, og du får brev med informasjon om frist for oppstart og nærmare beskjed om time.
Før
- Møt utkvilt til testinga, unngå medisineringar eller inntak av rusmidlar dagane før.
- Ta med briller eller høyreapparat om du brukar det.
- Ta med ferdig utfylte skjema om du fekk dette på førehand.
- Det kan vere lurt å ha med matpakke og drikke, eller pengar til å kjøpe mat, då undersøkinga tar litt tid.
- Hugs å skru av mobilen før undersøkinga startar.
Under
Første gong du kjem, har vi ein samtale om kvifor du er hos oss og kva undersøkinga går ut på. Vi spør blant anna om noverande og tidlegare fungering, utviklingshistorie m.m. Dersom du ønsker det kan pårørande, eller andre som kjenner deg godt, vere med i den første samtalen. Som regel blir det gjennomført testing. Testinga blir utført av nevropsykolog og blir vanlegvis fordelt over 2 dagar eller meir. Testane kan vere munnlege, skriftlege eller praktiske. Ingen av dei gjer vondt, men du kan blir trøytt etterpå.
Etter
Etter utgreiinga er ferdig, får du tilbod om ein avsluttande og oppsummerande samtale for å drøfte resultata i lys av situasjonen din. Etter avtale med deg kan vi også delta på møte med til dømes fastlege, NAV, kommunale tenester eller andre instansar. I den oppsummerande samtalen drøftar vi også om det er behov for å tilvise til andre. I etterkant sender vi ein rapport til den som tilviste deg, vanlegvis også til fastlegen din og til eventuelt andre etter avtale med deg.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Fysikalsk medisin og nevropsykologi poliklinikk Ålesund
Oppmøtestad
Oppmøte ved ekspedisjon mellom heisene i underetasjen i lågblokka.Følg merking frå hovudvestibylen.
Adresse
- I dag 08:00 - 15:30
Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5