Nukleærmedisinsk undersøking av hjartet, myocardscintigrafi ved Ålesund sjukehus

Ved myocardscintigrafi brukar vi eit radioaktivt merka stoff som blir tatt opp i hjartemuskelen din. Kor mykje av stoffet som blir tatt opp er avhengig av kor god blodforsyning hjartemuskelen har. Undersøkinga er ofte todelt, vi undersøker blodforsyninga både i ein stress-situasjon og ein kvilesituasjon. Stressundersøkinga kan gjerast anten som ei sykkelbelastning, eller at du får eit legemiddel som gir same effekt på blodårane i hjartet ditt som om du hadde sykla.

Før

Innkallingsbrevet inneheld informasjon som er viktig for undersøkinga. Les difor brevet grundig. Dersom du ikkje kan møte til timen, ber vi om at du gir beskjed så raskt som mogeleg.

Dersom du er gravid, kan vere gravid, eller ammar, skal du ta kontakt med nukleærmedisinsk avdeling så raskt som mogeleg. Ved graviditet eller amming kan ein i dei fleste tilfelle ikkje gjennomføre undersøkinga.

Viktige førebuingar

  • Ikkje ta med gravide eller små barn som følgje til undersøkinga
  • Ver vennleg å ikkje ha på smykke eller andre metallgjenstandar når du kjem til undersøking
  • Det er ein del medisinar du må slutte med før undersøkinga. Dette vil du få beskjed om i innkallingsbrevet
  • I innkallinga vil du også få informasjon om kva mat og drikke du ikkje kan ete/drikke før undersøkinga
  • Dersom du skal til sykkelbelasting er det fint at du har på deg, eller med deg, tøy og sko som er eigna til sykling og tredemølle.

Under

Kvileundersøking

Undersøkinga utføres på nukleærmedisin.

Du får ein kanyle i arma, og gjennom denne får du det radioaktive stoffet i blodet. Du skal sitte i ro. Det radioaktive stoffet blir tatt opp av hjartet ditt og vil vise korleis blodforsyninga til hjartet ditt er når du kviler.

Stressundersøking

Undersøkinga utføres på hjarte poliklinikken.

Du får ein kanyle i arma, og gjennom denne set vi stoffet/legemidlet. Du får leidningar kopla til overkroppen, slik at vi kan følge med på hjarterytmen din. Vi følger også med på blodtrykket ditt. Vi set det radioaktivt merka stoffet når hjartet er tilstrekkeleg belasta. Hjartet tar opp stoffet og viser korleis blorforsyninga til hjartet er under belastninga. Belastinga held fram ei lita stund til etter at stoffet er sett inn.

For begge undersøkingane

Blir utført på nukleærmedisin.

Ventetida frå vi set inn stoffet til vi tek bileta, kan vere frå 30-90 minutt. For å få betre kvalitet på bileta, får du beskjed om å drikke/ete noko mens du ventar. Vi tar bilete av hjartet med eit gammakamera eller ein SPECT/CT. Du får leidningar kopla til overkroppen, slik at vi kan registrere hjarterytmen din. Billedtakinga tek 15-30 minutt. Du må ligge stille under billedtakinga.

 

Bildetaking med ein SPECT/CT

SPECT/CT. Foto: Sykehuset Østfold


 

 

Etter

Etter undersøkinga kan du reise heim. 

Det tek nokre timar før den vesle mengda radioaktivitet er ute av kroppen din. 

Bileta blir etterbehandla og vurdert av lege ved nukleærmedisinsk avdeling. Legen som tilviste deg får resultatet tilsendt skriftleg. 

Kontakt

Ålesund sjukehus Radiologi Ålesund

Kontakt Radiologi Ålesund

Oppmøtestad

Avdeling for radiologi  finn du i 2. etasje på sjukehuset, nord for høgblokka.  

Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, like ved innkøyringa til sjukehuset. Sjå kart over sjukehusområdet. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst.
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid.
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare.
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. ​

Stengde inngangsparti i samband med byggearbeid

Poliklinikkinngangen er stengt

20. november 2023 stengde vi poliklinikkinngangen, (inngang nord, Åsehaugen 5a) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. 

Inngang A til psykiatribygget er stengt

9. september 2024 stengde vi inngang A ved psykiatribygget (Åsehaugen 7a). Pasientar, pårørande og andre besøkande skal bruke inngang på austsida for å kome til psykiatribygget (punkt 13 på bildet). Tilkomst via gangsti frå hovudinngangen (Åsehaugen 5d) på sjukehuset.  

Kart
Markerte område på bildet
Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
Gul markering: HC-parkering
Raud markering: Parkering for blodgivarar
Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Alderspsykiatrisk døgn
Åsehaugen 7C
Alderspsykiatrisk poliklinikk
Åsehaugen 7B
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Inngangen er midlertidig stengt i samband med byggearbeid. Bruk inngang på austsida av bygget. Tilkomst via gangsti ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe:

  • Avdeling for radiologi, Ålesund sjukehus på telefon 70 10 55 40 mandag - fredag i tidsrommet 08:00 - 15:30.
  • Nukleærmedisin på telefon 70 10 56 27  mandag - fredag i tidsrommet 07:30 - 15:00.

Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passar. Unytta timar som ikkje er varsla, blir fakturert med ekstra gebyr.

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.