Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Thyreoideascintigrafi
Nukleærmedisinsk undersøking av skjoldbruskkjertelen ved Ålesund sjukehus
I denne undersøkinga får du ei lita mengde radioaktivt stoff som blir tatt opp i skjoldbruskkjertelen. Opptaket av stoffet vil gi oss informasjon om korleis funksjonen i skjoldbruskkjertelen er og om det gjeld sjukdom. Vi kan ta bilete av dette med eit gammakamera.
Undersøkinga kan også seie noko om kva nytte du vil ha av å få behandling med radioaktivt jod ved ulike tilstandar med høgt stoffskifte.
Før
Innkallingsbrevet inneheld informasjon som er viktig for undersøkinga. Les difor brevet grundig.
Dersom du ikkje kan møte til time, ber vi om at du gir beskjed så raskt som mogeleg.
Dersom du er gravid, kan vere gravid eller ammar, skal du ta kontakt med nukleærmedisinsk avdeling så raskt som mogeleg. Ved graviditet eller amming kan ein i dei fleste tilfelle ikkje gjennomføre undersøkinga.
Viktige førebuingar
Dersom du brukar medisinar for å regulere stoffskifte kan det hende du må slutte med desse ei tid før undersøkinga. Følg beskjed frå henvisande lege.
Ta kontakt med oss dersom du i løpet av dei siste åtte vekene har vore til røntgenundersøking med intravenøs kontrast som inneheld jod. Det kan då vere nødvendig å gi deg ein ny time.
Ikkje ta med gravide eller små barn som følge til undersøkinga.
Ver vennleg å ikkje ha på smykke eller andre metallgjenstandar når du kjem til undersøking.
Under
Du får ein kanyle i arma og gjennom denne får du det radioaktive stoffet. Du må vente i 15 minutt før vi tar bileta. Billedtakinga tar 10-20 minutt og det er viktig at du ligg stille.
Dersom det er bestemt at du seinare skal ha behandling med radioaktivt jod, vil personalet på nukleærmedisin planlegge dette i etterkant av undersøkelsen. Ny innkalling til dette vil bli tilsendt.
Etter
Etter undersøkinga kan du reise heim.
Bileta blir undersøkt grundig og vurdert av lege. Legen som tilviste deg får resultatet tilsendt skriftleg.
Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, like ved innkøyringa til sjukehuset. Sjå kart over sjukehusområdet.
Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst.
Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid.
Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ.
Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking.
Stengde inngangsparti i samband med byggearbeid
Poliklinikkinngangen er stengt
20. november 2023 stengde vi poliklinikkinngangen, (inngang nord, Åsehaugen 5a) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging.
Markerte område på bildet Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande Gul markering: HC-parkering Raud markering: Parkering for blodgivarar Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du også bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
07.30–15.30
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.