Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

endarterektomi

Operasjon ved trang halspulsåre

Carotisstenose er forsnevring/forkalking på innsida av ei halspulsåre (den som forsyner hjernen med blod). Forkalkinga kan rivast laus av blodstraumen og sette seg fast i dei mindre blodårane i hjernen og forårsake drypp (TIA) eller slag (hjerneinfarkt). Formålet med operasjon er å hindre utvikling av nye drypp eller slag.

Før

Faste

​Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Om du ikkje møter fastande, kan det hende at vi må avlyse/utsette timen.

Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Dei siste 2 timane skal du unngå drops og tyggegummi, snus og røyk, fordi dette kan auka mageinnhald og magesyre. Fram til 2 timar før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, jus utan fruktkjøtt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylle munnen når som helst.

  • Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Blir stoppa 6 timar før
  • Klare væsker, drops og tyggegummi, snus og røyk: Blir stoppa 2 timar før

Om du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.

Før enkelte inngrep skal du drikke ei viss mengd næringsdrikk. Dersom dette gjeld deg, vil du få beskjed.

Under

Under operasjonen blir pulsåra stengd ovanfor og nedanfor det området som skal opererast og pulsåra opnast på langs. Vanlegvis legg ein inn ein shunt for å sikre blodsirkulasjon til hjernen mens inngrepet pågår. Forkalkingane blir skrelte ut med spesielle instrument. Ein del får sett inn ein patch/bot for at det ikkje skal bli ei innsnevring av opninga. Huda blir lukka med re-absorberbar tråd. 

Operasjonen blir utført i narkose.

Etter

  • Du blir liggande på intensivavdelinga til dagen etter inngrepet.
  • Når du vaknar har du eit urinkateter, og dren frå operasjonssåra. Begge blir vanlegvis fjerna neste dag.
  • Du får stå opp av senga dagen etter inngrepet. Det er viktig å halde seg litt i bevegelse etter inngrepet. Dette reduserer faren for blodpropp.
  • Blodtrykket blir overvaka nøye dei første dagane. Dette fordi høgt blodtrykk gir auka fare for bløding. Dersom du kjenner at du begynner å få hovudverk må du straks kontakte personalet. Hovudverk kan også oppstå på grunn av auka blodforsyning til hjernen.
  • Av og til kan ein oppleve forbigåande talebesvær og håsheit og dessutan problem med å styre tunga. (Dette fordi nerven som styrer desse områda blir drege til sides for å komme til blodkaret).
  • Det er vanlegvis lite smerter med dette inngrepet.
  • Du kan dusje etter eit par dagar, først med vasstette bandasjar og så utan bandasjar etter 3-4 dagar. Legg alltid tørre og reine bandasjar på operasjonssåra etter at du har dusja.

Heimreise

  • Vanlegvis blir du utskriven etter 3-6 dagar.
  • Du blir sjukmeld i 1 månad, men kan returnere før dersom du har roleg arbeid.
  • Før heimreise går vi gjennom medisinane dine og du vil få beskjed om eventuelle endringar.
  • Dei er ingen sting som skal fjernast.

Korleis førebygge Carotisstenose

  • Røykestopp betrar spontanforløpet ved åreforkalking og gjer at åra blir mindre utsett for nye forkalkingar, det vil igjen seie at åra held seg lenger open. Røykjestopp er meir effektivt enn medikamentell behandling.
  • Spis sunt, og ver fysisk aktiv.
  • Bruk eventuelt blodfortynnande og kolesterolsenkande medikament.

Kontroll

Du skal til kontroll på poliklinikken etter 1 måned. 

Ver merksam

Ta kontakt med eigen lege dersom:

  • Såret blir veksande raudt og hovent, og du har feber over 38-38.5 grader.
  • Du blør frå såra, slik at du må skifte bandasjane mange gonger dagleg.
  • Du har mykje smerter eller tiltakande smerter som ikkje blir lindra av smertestillande tablettar.
  • Du har mykje hovudverk eller svimmelheit.
Sist faglig oppdatert 26.03.2026

Kontakt

Ålesund sjukehus Kirurgisk sengepost A Ålesund

Kontakt Kirurgisk sengepost A Ålesund

Oppmøtestad

4. etasje, fløy HØ (høgblokka). 

For pasientar som skal til planlagt innleggelse er oppmøtested på Dageininga i 7.etasje, fløy HØ (høgblokka)).

Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.

Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

Betalingsalternativ
  • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
  • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
  • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
  • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering

HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

Oversikt over sjukehusområdet

Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.  

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. 

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider 

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.