Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Palliativ behandling for barn og unge ved Ålesund sjukehus

Palliasjon til barn og unge betyr aktiv, heilskapleg og tverrfagleg oppfølging av unge pasientar (0–18 år) som lever med livsavgrensande eller livstruande tilstandar. Det overordna målet for palliativ behandling er best mogleg livskvalitet for barnet, søsken og foreldre gjennom heile sjukdomsforløpet, ikkje berre dersom livet går mot slutten.

PALBU-team

Det er etablert team for Palliasjon og livskvalitet til barn og unge (PALBU-team) ved alle barne- og ungdomsklinikkane i landet. Målet for PALBU-team er å sørge for eit likeverdig, heilskapleg tilbod til barn og unge i palliative forløp, uavhengig av kor i landet pasienten bur.

PALBU-team samarbeider tett med behandlarane til pasienten, og er eit supplement til den sjukdomsretta behandlinga. I samarbeid med kommunehelsetenesta bidrar PALBU-team til at barnet eller ungdommen kan vere heime så mykje som mogleg gjennom sjukdomsforløpet, dersom det er ønskeleg.

Før

Pasient eller føresette kan komme i kontakt med PALBU-team på ulike tidspunkt i sjukdomsforløpet. Nokon blir tilviste allereie ved diagnosetidspunkt. Andre blir tilviste til teamet når sjukdommen går over i ein ny fase. Det er kontaktlegen til barnet på sjukehuset som tilviser til PALBU-teamet. Føresette kan be legen om tilvising til PALBU.

Under

Palliativt team kan i samarbeid med behandlande lege og kommunale instansar bidra med råd og rettleiing i ulike fasar av eit palliativt forløp. Problemstillingane kan vere mange og samansette, og kan omhandle både medisinske problemstillingar og lindring av symptom, ivaretaking av psykososiale behov, etiske problemstillingar med meir.

Behandlingsteamet kan vidare bidra til at barnet eller ungdommen og familien får:

  • ein plan for lindring ved smerter, uro, pustevanskar, utmatting, ernæringsvanskar, kvalme, angst eller søvnvanskar.
  • samtalar om målet for behandlinga.
  • hjelp til planlegging og støtte ved vanskelege samtalar, både heime, på sjukehuset og på skulen.
  • hjelp til å koordinere lokalt hjelpeapparat og nettverk.
  • rådgiving om økonomiske støtteordningar.
  • støtte til best mogleg livskvalitet.
  • hjelp til planlegging og førebuingar viss livet går mot slutten.

Etter

Dersom eit palliativt forløp endar med at barnet eller ungdommen døyr, kan eit PALBU-team bidra til at dei etterlatne får støtte og rettleiing i sorgprosessen.

Sist faglig oppdatert 10.02.2026

Kontakt

Ålesund sjukehus Palliativt team for barn og ungdom (PALBU)

Kontakt Palliativt team for barn og ungdom (PALBU)
Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.

Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

Betalingsalternativ
  • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
  • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
  • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
  • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering

HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

Oversikt over sjukehusområdet

Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.  

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. 

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider 

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.