Forbehandling heime med Locobase Renew
Veka før behandling
Huda på behandlingsstaden smør du med Locobase Renew. Smør kvar kveld den siste veka før behandlinga, men la vêr å smørje dei to siste kveldane før behandlinga. Ikkje bruk fuktkrem eller makeup i behandlingsområdet den dagen du skal ha behandling.
Blodfortynnande medisinar
Om du bruker medisinar som Albyl E, klopidogrel/plavix, Eliquis skal du ta medisinane dine som vanleg. Om du bruker Marevan kan behandlinga gjennomførast ved INR mellom 1,8 og 2,5. Dette må kontrollerast hos fastlege før timen.





