Behandling
Protesevurdering etter beinamputasjon
Ein beinamputasjon er eit kirurgisk inngrep der ein fjernar heile, eller ein del av beinet. Amputasjon skjer på ulike nivå: Hofte, lår, kne, legg, fot. Beinamputasjon vil ofte påverke den fysiske funksjonen din, og tilpassing og trening med protese kan delvis kompensere for dette.
Det er ulike årsaker til amputasjon. Vanlegast er sjukdom i blodårane i beinet på grunn av åreforkalkning. Amputasjon kan også bli nødvendig ved kreft/svulstar, alvorleg infeksjon, eller på grunn av skade/traume.
Tilvising og vurdering
Du kan bli henvist direkte frå avdelinga som utfører amputasjonen, og dersom alt ligg til rette for det kan du bli direkte overflytta til rehabilteringssengeposten. Det kan også bli bestemt at du kjem til ei poliklinisk tverrfagleg vurdering etter at du har blitt utskrevet.
Fastlegen din, eller kirurgen, kan også seinare tilvise deg til tverrfagleg vurdering for protesetilpassing og trening.
Før
Du får innkalling med informasjon om oppmøtestad og tidspunkt. I innkallingsskrivet vil du også bli beden om å ta med deg oppdatert medikamentliste.
Under
Du møter lege, fysioterapeut og ortopediingeniør, og saman gjer vi ei tverrfagleg vurdering av om du kan ha nytte av beinprotese. Vi tek utgangspunkt i amputasjonsnivå og forholda kring amputasjonsstumpen og det gjenverande beinet, kva funksjon du har no og hadde før amputasjonen, i tillegg til den generelle helsetilstanden din. I lag med deg ser vi på moglegheiter og avgrensingar du har ved bruk av beinprotese.
Dersom konklusjonen er at du får tilbod om eit proteseforløp hos oss, så får du informasjon om vidare forløp.
Etter
Konsultasjonen og dens konklusjonar/vidare anbefalingar oppsummerast i ei epikrise som sendast til fastlegen.
Dersom du skal i gang med eit vidare proteseforløp, vil prosessen med å forme amputasjonsstump og lage til protese starte raskt hvis forholda ligg til rette for det, og du vil få innkalling til innleggelse i rehabiliteringsavdelinga på sjukehuset når protesa er klar.
Meir informasjon her: https://helse-mr.no/behandlinger/rehabilitering-amputasjon-av-bein-underekstremiteter.
Dersom konklusjonen er at du ikkje skal ha eit proteseforløp, avsluttast kontakten herfrå.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Fysikalsk medisin og nevropsykologi poliklinikk Ålesund
Oppmøtestad
Oppmøte ved ekspedisjon mellom heisene i underetasjen i lågblokka.Følg merking frå hovudvestibylen.
Adresse
- I dag STENGT
Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5