Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Psykoedukativ familiegruppe med undervisings- og samtaletilbod ved DPS Vegsund

Familiegruppe er eit behandlingstilbod til personar med psykisk sjukdom, og deira næraste familie. I dette tilbodet møtast du som pasient, familien din og ein til to gruppeleiarar regelmessig i 6–12 månader. Gjennom samtalar, undervising og problemløysing er målet å gi deg best mogeleg støtte og hjelp i kvardagen.

Skulle du ønske at de som familie fekk hjelp til å oppretthalde kontakta i ei vanskeleg tid? Lurer familien din på korleis dei best kan bidra til å hjelpe deg?

Når du har psykiske utfordringar kan det vere vanskeleg å uttrykke korleis du har det overfor dei som står det nærast. Kanskje du også er usikker på kor mykje og kva slags kontakt du ønsker å ha med familien.

Familien din er bekymra, og vil prøve å hjelpe deg på ulike måtar. I møte med krise og sjukdom hos ein familiemedlem, er det vanleg å reagere både med redsel, sinne og uro. Det gjer at dei ikkje alltid klarer å møte deg på den måten du treng. Mange familiemedlemmar opplev dessutan at dei ikkje veit nok om kva din psykiske sjukdom inneberer.

Familiegruppe er eit psykoedukativt, det vil seie kunnskapsformidlande, familiesamarbeid. I ei familiegruppe får du og familien din meir kunnskap om sjukdomen din. Vi legg stor vekt på samarbeid og deling av erfaringar slik at de skal forstå kvarandre betre.

Behandlingsmetoden er egna ved psykoselidingar, bipolare lidingar og samtidig rus- og psykiske lidingar. Forsking viser at denne metoden kan bidra til å førebygge tilbakefall eller redusere symptoma ved ein eventuell ny sjukdomsperiode. Familiegruppe kan også føre til at du klarer meir og fungerer betre sosialt. Du kan lese meir om forskinga og grunnlaget for anbefalinga i den nasjonale rettningslina for psykoselidingar. 

Familiegruppa erstattar ikkje anna behandling, men kjem i tillegg til anna psykologisk behandling og eventuelt medisinsk behandling.

Mange av dei som blir utskrivne frå behandling på sjukehus er avhengig av hjelp frå familien for å fungere. Familien din har viktig informasjon om bakgrunnen din, ressursar og utfordringar. Når dei samarbeider med deg og behandlarane dine får vi viktig kunnskap vi kan bruke til å planlegge eit best mogeleg behandlingsopplegg for deg.

Det er også viktig at familien får mogelegheit til å arbeide med reaksjonane sine. Gjennom familiegruppa får dei rettleiing og råd om korleis dei kan vere gode omsorgspersonar for både deg, kvarandre og eventuelt andre i familien.      

 

Tilvising og vurdering

Ta gjerne kontakt med oss viss du lurer på om familiegruppe er noko for deg og familien din. Vi inviterer dykk gjerne til ein uforpliktande samtale for å gi meir informasjon om kva dette tilbodet inneberer. Fastlegen eller behandlaren din sender tilvising til oss når det er avklart at de ønsker å delta.

Før

Du får det de treng av praktisk informasjon før familiegruppa startar. Viss de har spørsmål undervegs kan de ta kontakt med gruppeleiarane.

Under

I ei familiegruppe deltek du, familien din og ein eller to gruppeleiarar. Du bestemmer sjølv kven i familien du ønsker å ha med.

Gruppa treffast regelmessig over ein periode på ca. 6–12 månader. Varigheita blir tilpassa behovet dykkar. Dei første møta bruker vi til å bli kjent og etablere eit samarbeid.  Vidare har vi samtalar, undervising og problemløysing. De vil lære om stressfaktorar, meistringsstrategiar og god kommunikasjon. Vi finn løysingar på utfordringar i kvardagen, som du og familien din kan prøve ut til neste møte.

Familien din treng kunnskap for å kunne vere til hjelp og støtte for deg. Vi jobbar med ulike problemstillingar og tema:

  • Gjennomgang og vurdering av ressursar og behov i familien
  • Forståing for psykisk helse
  • Generelle råd og kva familien kan gjere
  • Konkrete råd om kommunikasjon
  • Psykiske og sosiale forhold som kan ha betyding for at du skal fungere best mogeleg
  • Kva fremmer og hemmar betring
  • Korleis løyse daglegdagse utfordringar
  • Korleis gjenkjenne teikn på framsteg og tilbakefall
  • Ulike behandlingsmetodar
  • Rettar 

Etter

Når familiegruppen er ferdig, held du fram med eventuell anna behandling og oppfølging i samråd med behandlaren din eller fastlege.

Familiegruppe kan hjelpe deg

Visste du at å involvere familien din når du strever psykisk auker sjansane for å få det betre og bli heilt frisk? Familiegruppe kan hjelpe deg som har fått ein psykose eller bipolar liding og deg som mistenker at du kan ha det. Det gjer deg og familien din kunnskap om psykiske lidingar, stress, god kommunikasjon og korleis du kan løyse kvardagsutfordringar. Høyr korleis disse to ungdommane har opplevd å vere i fleirfamiliegruppe og ikkje lenger stå aleine:

 

Kontakt

Vegsund DPS Vegsund

Kontakt DPS Vegsund

Oppmøtestad

Vegsundvegen 68
6020 Ålesund
Distriktspsykiatrisk Senter - DPS Vegsund

Vegsund

Vegsundvegen 68

Transport

​​Du kan ha rett til å få dekt nødvendige utgifter til og frå behandling. 

Sjekk dine rettar på helsenorge.no

Praktisk informasjon

Måndag–fredag: kl 16.00–2100
Laurdag–søndag: kl 10.30–21.00
 
Eller etter avtale.
 
Både barn og vaksne, som er pårørande, må gjerne kome på besøk. Vi prøver å legge til rette for besøk av barn. Vi har ein del leiker og ein leikekrok i underetasjen.
 
Ta kontakt med personalet når du kjem.

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.