Psykoselidingar hos barn og ungdom
Ved psykoselidingar hos barn og unge kan både utgreiing og behandling vere omfattande og langvarig. Skiljet mellom utgreiing og behandling kan ha ein glidande overgang. Barn endrar seg over tid, og symptom endrar seg både med alderen til barnet, men også uavhengig av den. Behandlinga inneheld både samtalebehandling, medikamentell behandling og familiearbeid.
Symptom
Psykotiske symptom omfattar vrangførestillingar (herunder forfølgingsidèar), hallusinasjonar (for høyrsel, syn, lukt, smak eller fysisk kontakt), oppleving av tankepåverknad, tankeavbrot/-innfall, avflating av kjensler, katatoni (som fullstendig stivheit i kroppen, vedvarande taushet og motstand mot å bevege seg).
Psykose kan debutere akutt med dramatiske åtferdsendringar, eller gradvis med utvikling av merkelege idèar og rar oppførsel over tid. Fleire månader før psykosen kan barnet/ungdommen ha redusert interesse for skule, arbeid, sosiale aktivitetar, utsjåande og hygiene, i kombinasjon med generell angst, lett depresjon og forvirring.
Tilvising og vurdering
Lege, psykolog, barne- og familieteneste, PPT og barnevern kan tilvise til Barne- og ungdomspsykiatrisk klinikk (BUP). Alle tilvisingar skal bruke eit eige skjema som skal bli sendt til BUP.
Spesialisthelsetenesta vil på bakgrunn i prioriteringsveilederen - psykisk helsevern for barn og unge avgjere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta. Tilvisinga skal vurderast innan 10 arbeidsdagar. Maksimumsfrist for inntak er 2 veker.
Alle tilvisingane skal som hovudregel bli vurdert i poliklinikk, men dersom innlegging blir vurdert som nødvendig bør pasienten leggast inn som akutt hjelp via fastlege eller legevakt.
Utredning
Ved mistanke om psykose må det gjerast ei brei utgreiing. Det kan ofte vere vanskeleg å diagnostisere ei psykoseliding dersom den er i startfasen. Symptom må til enkvar tid sjåast i samenheng med utviklingsnivået/evnenivået barnet har. Unøyaktig diagnostisering kan føre til mangelfull behandling.
For å stabilisere pasienten sitt symptombilete og fungering kan det vere aktuelt og nødvendig å starte behandling samtidig som utgreiing/kartleggjing. Utgreiing vil som oftast skje poliklinisk og inneheld utviklingsintervju, ulike kartleggingsverktøy og kroppsleg (somatisk) undersøking.
Behandling
Målet med behandlinga er å oppnå at symptoma minkar og at funksjonen blir betre, og at dette skal fortsette. Ved behandling av psykoselidingar hos barn og ungdom er merksemda retta mot meistringsområde og ressursar.
Både barnet/ungdomen og foreldra blir sett på som brukar og skal i stor utstrekning involverast i utgreiings- og behandlingsprosessen. Det er viktig at den unge tar del i og blir gjort ansvarleg i forhold til eigen behandling i den utstrekning han/ho orkar.
Behandlinga vil som oftast innehalde:
- Samtalebehandling med mål om tilfrisking, symptombetring, funksjonsbetring og meistring av symptom.
- Medikamentell behandling kan vere nødvendig for å redusere psykosesymptom eller betre søvn.
- Tilrettelegging av kvardagen i tett samarbeid med familie og nære omsorgspersonar.
- Kunnskapsbasert familiesamarbeid – inkludert psykoedukasjon, utvikling av kommunikasjonsferdigheiter, meistringsstrategiar og problemløysing.
- Tilrettelegging på skule.
- Tett kontakt med primærhelsetenesta; skule, fastlege, kommunale tenester.
Samval
For deg som har ei psykoseliding finst det fleire moglege behandlingar. Kva som er best for deg kan du og helsepersonell komma fram til saman. Dette blir kalla samval. Å vera med og bestemma er ein rett du har.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
- Kva alternativ har eg?
- Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
- Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?
Oppfølging
Ungdom som har eller har hatt psykose vil som oftast ha behov for omfattande og langvarig oppfølging frå mange ulike instansar. Derfor bør det bli utarbeidd ein individuell plan og opprettast ansvarsgruppe. BUP tar initiativ til at slik plan blir laga og koordinator i kommunen blir oppnemnt, dersom det ikkje allereie eksisterer.
Psykisk helsevern for barn og unge (BUP) avsluttar saker som hovudregel når ungdomen er 18 år. Dersom ungdomen blir vurdert til å ha behov for vidare behandling/oppfølging utover fylte 18 år, kan det vere aktuelt å overføre saka til psykisk helsevern for vaksne.