Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Raynauds fenomen

Raynauds fenomen er ein tilstand der blodårar, særleg i fingrar og tær, trekker seg unormalt kraftig saman i kulde eller ved stress. Raynauds fenomen blir også kalla «likfingrar» fordi huda blir “likbleik” under anfall.

Raynauds fenomen er ein vanleg tilstand der fingrar og tær blir kvite og nomne, som oftast fordi du blir kald eller er stressa. Tilstanden blir òg kalla likfingrar.

Les meir på helsenorge.no

Primært og sekundært Raynauds fenomen

Det er vanlegast å ha Raynauds fenomen utan at det heng saman med noko sjukdom. I dei tilfella kallar vi det primært Raynauds fenomen. Ein sjeldan gong kjem av Raynaud fenomen ein revmatisk sjukdom, da kallast det sekundært Raynaud fenomen. 

Utbreiing og årsak

Primært Raynauds fenomen er relativt vanleg, ein reknar med at mellom 3 og 10 % av befolkninga har tilstanden. Primært Raynauds fenomen oppstår vanlegvis i barne- og ungdomsåra eller ung vaksen alder. Fenomenet er vanlegare hos kvinner enn menn, og ofte har fleire i familien same symptom. 

Raynauds fenomen kjem av ei unormalt kraftig samantrekking av blodårar ved kuldeeksplosjon. Røyking og arbeid med vibrerande verktøy aukar sjansen for å bli ramma. betablokkere og medisinar mot ADHD kan utløyse eller forverre Raynauds fenomen. 

Symptom og sjukdomsteikn

Eit typisk anfall med Raynauds fenomen førekjem oftast ved kulde og startar med at fingrane plutseleg blir kalde, samtidig som dei ytre delane av fingrane blir kvite med skarp grense mot vanleg hudfarge.  Etter kvart kan den kvite huda bli blåfarga på grunn av lite oksygen til vevet. Når varmen kjem tilbake i vevet, kjem det til slutt ein raudleg farge. Eit typisk anfall varer ofte rundt 15-20 minutt, men det er store forskjellar. Det er ikkje alle som får alle fargeendringane i løpet av eit anfall.   

Både primært og sekundært Raynauds fenomen rammar oftast hendene. Det mest vanlege er Raynauds fenomen i peikefinger, langfinger og ringfinger. Anfall med Raynauds fenomen kan også oppstå i tærne, øyreflippar, nase, ansikt og rundt brystvorter. 

Under anfall med Raynauds fenomen kan ein samtidig få smerter, eller bli nomen i områda med fargendring. Det er vanlegare å ha alle fargeendringane, større område med fargeendringar, og i dei alvorlegaste tilfella sår på fingertuppane ved sekundært Raynauds fenomen. 

I alvorlege tilfelle kan ein få sår på fingertuppane. Dette kjem av at vevet har fått for lite blodtilstrøyming. Viss tommelen er utsett bør ein blir undersøkt for om det er sekundært Raynauds fenomen.

Utgreiing

Fastsetting av diagnose

Raynauds fenomen er ein klinisk diagnose. Det vil seie at diagnosen blir gitt på bakgrunn av symptom og funn på bilde eller undersøking under anfall. Dersom det er mistanke om sekundært Raynauds fenomen blir det gjort fleire undersøkingar for å kartlegge om ein har revmatisk sjukdom.

Behandling

Behandlinga for Raynauds fenomen består for det meste i ikkje-medikamentelle tiltak. 

Førebygging av anfall

  • Bruk kroppen og ver aktiv. Rørsle og bruk av muskulatur gir auka blodsirkulasjon og varme.
  • Kle deg godt og varmt på heile kroppen. Fleire tynne lag med klede varmar betre enn eitt tjukt lag.
  • Romslege sko/hanskar/vottar blir anbefalte.
  • Ull har eigenskapar som gjer at du held varmen sjølv om du blir våt eller fuktig.
  • Bruk pulsvarmarar, gjerne både inne og ute.
  • Bruk hanskar/vottar når du skal halde kalde gjenstandar, til dømes frå frysen.
  • Bruk varmepakke for å halde deg varm og korte ned på anfall. 
  • Bruk elektriske varmeprodukt, vottar/hanskar/sålar.
  • Varm opp senga med varmeflaske eller elektrisk varmelaken før du legg deg.
  • Bruk kuldeisolerande materiale som tre eller gummi på verktøy, reiskap og handtak.
  • I bil kan kupévarmar, setevarmar, rattrekk, rattvarme og bruk av hanskar vere nyttig.
  • Unngå belastning som kan forårsake dårleg sirkulasjon i fingrar, for eksempel bere ein tung handlepose, om det ofte gir deg Raynauds fenomen. 
  • Unngå trekk frå ventilasjon eller aircondition.
  • Om du er stressa, er det nyttig å prøve å redusere stressa 
  • Unngå røyking fordi røyking forverrar plagene. 

 

Det finst elektrisk varmeprodukt til hender og føter som ein kan kjøpe i butikk eller søkje om via NAV.

Bruk og vedlikehald for produkt frå NAV: Varmeprodukt kan bruke litt tid på å bli oppvarma. Det kan derfor vere ein fordel å slå på batteriet før du går ut for å unngå å få eit anfall før produktet har vorte varmt. Ha alltid batteria fullada før du går ut. Ta gjerne med ekstra batteri til lengre turar. For å få batteriet til å vare lengre kan du senke varmen litt. Batteri kan gjerne oppbevarast i kjøleskap viss dei ikkje blir brukte under ein lengre periode. Handvask produkta på maks 40°, må ikkje tørkast i tørketrommel. Ikkje vri hanskar/vottar/sokkar etter vask, då kan leidningane ryke.

Dersom det er mogleg bør ein unngå medikament som gjer at blodårane trekker seg saman.  

Om ein er veldig plaga med Raynauds fenomen og ikkje kjem til målet med ikkje-medikamentelle tiltak, er det stundom aktuelt å prøve medisinar som aukar blodgjennomstrøyminga. Blodtrykksmedisinen nifedipin (Adalat) er førsteval.  I alvorlege tilfelle kan også andre medikament vurderast.

Oppfølging

Personar med primært Raynauds fenomen treng inga fast oppfølging. Ved sekundært Raynauds fenomen blir oppfølging vurdert ut frå grunnsjukdommen.

Sist faglig oppdatert 22.06.2026

Kontakt

Ålesund sjukehus Revmatologisk poliklinikk

Kontakt Revmatologisk poliklinikk

Oppmøtestad

1. etasje, fløy DS.

Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Parkering i parkeringshuset blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

Betalingsalternativ
  • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
  • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
  • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
  • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering

HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

Oversikt over sjukehusområdet

Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering. Det er i tillegg avsett fleire plassar for HC-parkering i 1. etasje i parkeringshuset.  

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser

Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Dei fleste bussar stoppar ved Passasjen parkering, parkeringshuset nord for hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

Gå via parkeringshuset og ta trappa/heisen ned til første etasje der du kjem rett til hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider 

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.