Rehabilitering - Gruppeopphald ved MS
Dette er eit tilbod til personar med MS, der målet med rehabiliteringsopphaldet er å styrke deltakaranes evne til å leve med sjukdommen, vedlikehalde/betre funksjon og auke fungeringa i kvardagen. Tilbodet egner seg ikkje for personar med pågåande alvorleg psykisk liding, rusavhengigheit eller for dei som har store kognitive utferdingar.
Tilbodet er gruppebasert, men individuelt tilrettelagt til kvar enkelt.
Slik er gruppetilbodet lagt opp
- 5-døgnsopphald (måndag til fredag). Mot slutten av opphaldet vil du, saman med det tverrfaglege rehabiliteringsteamet, lage ein rehabiliteringsplan med mål og tiltak. Denne planen skal vere styrande og i fokus i heimeperioden.
- Heimeperiode på ca 3-5 veker med aktuell poliklinisk oppfølging etter behov. Dette kan vere gruppetrening, individuell trening/rettleiing med terapeut eller oppfølging med rehabiliteringskoordinator. Dei som bur i rimeleg avstand til senteret, får tilbod om å komme fysisk hit for oppfølging. Andre får tilbodet digitalt.
- Nytt 5-døgnsopphald. Mot slutten av opphaldet vil du, saman med det tverrfaglege rehabiliteringsteamet, vurdere kva type poliklinisk oppfølging som er aktuell for deg.
Tilvising og vurdering
Fastlege eller spesialistlege sender tilvising.
Før
Dette er eit tverrfagleg rehabiliteringstilbod, og er i stor grad brukarstyrt. Det vil seie at deltakarane er aktive i eigen rehabiliteringsprosess, og kvar enkelt sin motivasjon og innsats er avgjerande for grad av måloppnåing.
For å få størst mogleg utbytte, er det viktig at du på førehand har tenkt gjennom kva du ønsker å oppnå med å delta på gruppeopphaldet. For å hjelpe til med dette, har vi eit digitalt «gruppemøte» før opphaldet hos oss. På dette møtet samlar vi dei som skal kome til Aure rehabiliteringssenter og snakkar litt om blant anna forventningar og målsetting.
Kartlegging før opphaldet
Som ein del av førebuinga har nevrolog videokonsultasjon, evt. telefonsamtale, med alle før innkomst. Deretter er det kartlegging med rehabiliteringskoordinator og/eller fysioterapeut/ergoterapeut. Dette skjer anten fysisk eller via videokonsultasjon. Vi kartlegg ulike faktorar som har innverknad på helsa, for eksempel miljø, aktivitet og fysisk fungering. Ta gjerne med ein pårørande til denne kartlegginga.
Du kan bli bedt om å ta med dokumentasjon frå tidlegare utgreiingar og/eller behandlingar. Det er viktig at du tar med oppdatert medisinliste når du kjem til Aure rehabiliteringssenter.
Under
Under 5-døgnsopphalda får du individuell trening saman med fysioterapeut og ev. ergoterapeut. Vi har aktive grupper med mediyoga, balansetrening, basseng og avspenning. Dei som har behov for det vil også få oppfølging frå osteopat.
Vi forventar i tillegg at alle følger opp med aktuell eigentrening. Ved behov tilbyr vi behandling av bekkenbunnsplager og inkontinens.
Nevrolog, fysioterapeutar, ergoterapeut, nevrologisk sjukepleier og psykiatrisk sjukepleier har ulike temaundervisningar og gruppesamtaler. Her kan du få generell informasjon om MS, medikamentell behandling ved MS, fatigue, kosthald og fysisk aktivitet og trening ved MS.
Vi har også gruppesamtale om det å leve med kronisk sjukdom. Ved alle undervisningane og gruppesamtalene er erfaringsutveksling mellom deltakarane viktig.
Etter
Vi har moglegheit til å følge deg opp i 3 månader etter opphaldet hos oss. Dette kan vere bassengtrening, individuell trening med terapeut eller samataler med rehabiliteringskoordinator fysisk ved senteret. Oppfølginga kan også vere deltaking i digitale gruppetreningar, individuell trening med terapeut eller samtale med rehabiliteringskoordinator.
Kontakt
Aure rehabiliteringssenter
Aure rehabiliteringssenter
Oppmøtestad
Bergsvegen 38
Aure rehabiliteringssenter
Aure rehabiliteringssenter
Bergsvegen 38, 6690 Aure