Behandling

Rehabilitering - Gruppeopphald ved Parkinson

Dette er et tilbod til personar med Parkinsons sjukdom. Målet med rehabiliteringsopphaldet er å styrke deltakarane sine evner til å leve med sjukdommen, vedlikehalde/betre funksjon og auke fungeringa i kvardagen. Tilbodet egnar seg ikkje for personar med pågåande alvorleg psykisk liding, rusavhengigheit eller for dei som har store kognitive utferdingar.

Tilbodet er gruppebasert, men individuelt tilrettelagt til kvar enkelt.

Slik er gruppetilbodet lagt opp

  • 5-døgnsopphald (måndag til fredag). Mot slutten av opphaldet vil du, saman med det tverrfaglege rehabiliteringsteamet, lage ein rehabiliteringsplan med mål og tiltak. Denne planen skal vere styrande og i fokus i heimeperioden.
  • Heimeperiode på ca 3-5 veker med aktuell poliklinisk oppfølging etter behov. Dette kan vere gruppetrening, individuell trening/rettleiing med terapeut eller oppfølging med rehabiliteringskoordinator. Dei som bur i rimeleg avstand til senteret, får tilbod om å komme fysisk hit for oppfølging. Andre får tilbodet digitalt. 
  • Nytt 5-døgnsopphald. Mot slutten av opphaldet vil du, saman med det tverrfaglege rehabiliteringsteamet, vurdere kva type poliklinisk oppfølging som er aktuell for deg.

Tilvising og vurdering

Fastlege eller spesialistlege sender tilvising.

Tilvising frå sjukehus eller fastlege må sendast elektronisk* via journalsystemet til:

Helse Møre og Romsdal HF
Fysikalsk medisin og rehabilitering (Ålesund)
Postadresse 6026 Ålesund 

Tilvisingane må sendast innan måndag kl 15.00 for å bli behandla i inntaksnemnd tysdagar. 

Tilvisinga må innehalde opplysingar om:

  • Mål for opphaldet
  • Kva type opphald det blir søkt om
  • Aktuelle funksjonsvanskar og diagnose
  • Kva som er prøvd av tidligare behandling, og kva som er noverande behandling/oppfølging
  • Legg ved Individuell Plan, ev. rapport frå andre faggrupper som pasienten mottek tilbod frå, f.eks. heimebasert omsorg, psykisk helse, fysioterapeut, ergoterapeut eller logoped

* Om du ikkje har moglegheit til å sende elektronisk, kan tilvising sendast per post:

HELSE MØRE OG ROMSDAL HF
Ålesund sjukehus
Felles inntaksnemnd ved
Fysikalsk medisin og rehabilitering
6026 Ålesund

Før

Dette er eit tverrfagleg rehabiliteringstilbod, og er i stor grad brukarstyrt. Det vil seie at deltakarane er aktive i eigen rehabiliteringsprosess, og kvar enkelt sin motivasjon og innsats er avgjerande for grad av måloppnåing. 

For å få størst mogleg utbytte, er det viktig at du på førehand har tenkt gjennom kva du ønsker å oppnå med å delta på gruppeopphaldet. For å hjelpe til med dette, har vi eit digitalt «gruppemøte» før opphaldet hos oss. På dette møtet samlar vi dei som skal kome til Aure rehabiliteringssenter og snakkar litt om blant anna forventningar og målsetting. 

Kartlegging før opphaldet

Som ein del av førebuinga har nevrolog videokonsultasjon, evt. telefonsamtale, med alle før innkomst. Deretter er det kartlegging med rehabiliteringskoordinator og/eller fysioterapeut/ergoterapeut. Dette skjer anten fysisk eller via videokonsultasjon. Vi kartlegg ulike faktorar som har innverknad på helsa, for eksempel miljø, aktivitet og fysisk fungering. Ta gjerne med ein pårørande til denne kartlegginga. 

Du kan bli bedt om å ta med dokumentasjon frå tidlegare utgreiingar og/eller behandlingar. Det er viktig at du tar med oppdatert medisinliste når du kjem til Aure rehabiliteringssenter.

Under

Under 5-døgnsopphalda får du individuell trening med fysioterapeut/ergoterapeut. Dei bruker LSVT BIG og PWR (treningsmetodar for parkinson). Dei som har behov for det vil også få oppfølging frå osteopat

Vi forventar i tillegg at alle følger opp med aktuell eigentrening under opphaldet. Vi har også aktive grupper med boksing, bassengtrening, fotgruppe, mediyoga og avspenning. 

Nevrolog, fysioterapeutar, ergoterapeut, parkinsonsjukepleiar og psykiatrisk sjukepleiar har ulike temaundervisningar og gruppesamtaler. Her kan du få generell informasjon om Parkinsons sjukdom, ikkje-motoriske symptom, trening ved Parkinson og rettigheitene dine. 

Vi har gruppesamtalar om magefunksjon, søvnforstyrringar, ernæring, administrering av medisinar og om det å leve med kronisk sjukdom. Vi har også eigen spørjetime med nevrolog. Ved alle undervisningane og gruppesamtalene er erfaringsutveksling mellom deltakarane viktig.

Etter

Vi har moglegheit til å følge deg opp i 3 månader etter opphaldet hos oss. Dette kan vere bassengtrening, individuell trening med terapeut eller samataler med rehabiliteringskoordinator fysisk ved senteret. Oppfølginga kan også vere deltaking i digitale gruppetreningar, individuell trening med terapeut eller samtale med rehabiliteringskoordinator. 

Kontakt

Aure rehabiliteringssenter Aure rehabiliteringssenter

Kontakt Aure rehabiliteringssenter

Oppmøtestad

Bergsvegen 38

På oppsida av Aure rehabiliteringssenter med sjøutsikt.

Aure rehabiliteringssenter

Aure rehabiliteringssenter

Bergsvegen 38, 6690 Aure

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på Aure rehabiliteringssenter skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på senteret. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

Passord p​å SMS

Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på Aure rehabiliteringssenter. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved Aure rehabiliteringssenter. 


​Her er ei liste over utstyr du må ta med deg til opphaldet:

  • Medisinane dine, for heile opphaldet
  • Toalettsaker
  • Turklede til all slags vêr
  • Treningsklede
  • Sko til inne- og utandørsbruk
  • Badetøy
  • PC eller nettbrett (for bruk i opplæring om korleis du kan delta på aktuelle digitale treningsgrupper)