Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Rehabilitering - poliklinisk forløp

Dette er eit tilbod til personar med muskel-/skjelett og nevrologiske tilstander, som ikkje treng opphald ved 5-døgnsposten vår. Målet med rehabiliteringa er å styrke deltakaren sine evner til å nå egendefinerte mål. Tilbodet egner seg ikkje for personar med pågåande alvorleg psykisk liding og/eller rusavhengigheit.

Tilbodet blir skreddarsydd etter behova til den enkelte. Du må vere motivert for å bruke tid på oppfølging av tiltak som er nødvendige for å nå måla. 

Du kan komme fysisk til senteret for ulike konsultasjonar, i tillegg til digitale konsultasjonar.

Tilvising og vurdering

Fastlege eller spesialistlege sender tilvising. 

Tilvising frå sjukehus eller fastlege må sendast elektronisk* via journalsystemet til:   

Helse Møre og Romsdal HF
Fysikalsk medisin og rehabilitering (Ålesund)
Postadresse 6026 Ålesund    

Tilvisingane må sendast innan måndag kl 15.00 for å bli behandla i inntaksnemnd tysdagar. 
   

Tilvisinga må innehalde opplysingar om

  • Mål for opphaldet
  • Kva type opphald det blir søkt om
  • Aktuelle funksjonsvanskar og diagnose
  • Kva som er prøvd av tidligare behandling, og kva som er noverande behandling/oppfølging
  • Legg ved Individuell Plan, ev. rapport frå andre faggrupper som pasienten mottek tilbod frå, f.eks. heimebasert omsorg, psykisk helse, fysioterapeut, ergoterapeut eller logoped

* Om du ikkje har moglegheit til å sende elektronisk, kan tilvising sendast per post:   

HELSE MØRE OG ROMSDAL HF
Ålesund sjukehus
Felles inntaksnemnd ved
Fysikalsk medisin og rehabilitering
6026 Ålesund   

Før

Tilbodet er i stor grad brukarstyrt. Det vil seie at deltakaren er aktiv i eigen rehabiliteringsprosess, og kvar enkelt sin motivasjon og innsats er helt avgjerande for grad av måloppnåing. For å få størst mogleg utbytte, er det viktig at alle på førehand har tenkt gjennom kva dei ønsker å oppnå med kontakten med Aure rehabiliteringssenter. 

Kartlegging

Vi startar med ein poliklinisk kartlegging. Dette skjer anten fysisk på senteret, på telefon eller via videokonsultasjon. Vi kartlegg blant anna personlege faktorar, miljøfaktorar, deltaking, aktivitet og kroppsfunksjonar. 

Under

Det polikliniske forløpet inneheld til dømes individuell trening/behandling med fysioterapeut, ergoterapeut, osteopat eller psykomotorisk fysioterapeut. Det kan også vere aktuelle gruppetreningar som fotgruppe, bevegelsesgruppe og bassengtrening. Dette tilbyr vi anten digitalt eller fysisk ved Aure rehabiliteringssenter. Vi har også ulike temaundervisningar i grupper og samtaler med ulike faggrupper etter behov. 
    

Etter

Varigheita på det polikliniske forløpet er tidsavgrensa, men individuelt tilpassa og blir vurdert fortløpande. Vi har i tillegg fokus på samarbeid med aktuelle instansar i kommunen for å sikre best mogleg oppfølging undervegs og vidare. 
    

Kontakt

Aure rehabiliteringssenter Aure rehabiliteringssenter

Kontakt Aure rehabiliteringssenter

Oppmøtestad

Bergsvegen 38

På oppsida av Aure rehabiliteringssenter med sjøutsikt.

Aure rehabiliteringssenter

Aure rehabiliteringssenter

Bergsvegen 38, 6690 Aure

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på Aure rehabiliteringssenter skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på senteret. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på Aure rehabiliteringssenter. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved Aure rehabiliteringssenter. 


​Her er ei liste over utstyr du må ta med deg til opphaldet:

  • Medisinane dine, for heile opphaldet
  • Toalettsaker
  • Turklede til all slags vêr
  • Treningsklede
  • Sko til inne- og utandørsbruk
  • Badetøy
  • PC eller nettbrett (for bruk i opplæring om korleis du kan delta på aktuelle digitale treningsgrupper)