Behandling
Rehabilitering - poliklinisk forløp
Dette er eit tilbod til personar med muskel-/skjelett og nevrologiske tilstander, som ikkje treng opphald ved 5-døgnsposten vår. Målet med rehabiliteringa er å styrke deltakaren sine evner til å nå egendefinerte mål. Tilbodet egner seg ikkje for personar med pågåande alvorleg psykisk liding og/eller rusavhengigheit.
Tilbodet blir skreddarsydd etter behova til den enkelte. Du må vere motivert for å bruke tid på oppfølging av tiltak som er nødvendige for å nå måla.
Du kan komme fysisk til senteret for ulike konsultasjonar, i tillegg til digitale konsultasjonar.
Tilvising og vurdering
Fastlege eller spesialistlege sender tilvising.
Før
Tilbodet er i stor grad brukarstyrt. Det vil seie at deltakaren er aktiv i eigen rehabiliteringsprosess, og kvar enkelt sin motivasjon og innsats er helt avgjerande for grad av måloppnåing. For å få størst mogleg utbytte, er det viktig at alle på førehand har tenkt gjennom kva dei ønsker å oppnå med kontakten med Aure rehabiliteringssenter.
Kartlegging
Vi startar med ein poliklinisk kartlegging. Dette skjer anten fysisk på senteret, på telefon eller via videokonsultasjon. Vi kartlegg blant anna personlege faktorar, miljøfaktorar, deltaking, aktivitet og kroppsfunksjonar.
Under
Det polikliniske forløpet inneheld til dømes individuell trening/behandling med fysioterapeut, ergoterapeut, osteopat eller psykomotorisk fysioterapeut. Det kan også vere aktuelle gruppetreningar som fotgruppe, bevegelsesgruppe og bassengtrening. Dette tilbyr vi anten digitalt eller fysisk ved Aure rehabiliteringssenter. Vi har også ulike temaundervisningar i grupper og samtaler med ulike faggrupper etter behov.
Etter
Varigheita på det polikliniske forløpet er tidsavgrensa, men individuelt tilpassa og blir vurdert fortløpande. Vi har i tillegg fokus på samarbeid med aktuelle instansar i kommunen for å sikre best mogleg oppfølging undervegs og vidare.
Kontakt
Aure rehabiliteringssenter
Aure rehabiliteringssenter
Oppmøtestad
Bergsvegen 38
Aure rehabiliteringssenter
Aure rehabiliteringssenter
Bergsvegen 38, 6690 Aure