Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Rehabilitering - vurderingsopphald

Dette er eit tilbod for personar med muskel-/skjelettproblematikk og nevrologiske tilstander. Målet med vurderingsopphaldet er å styrke deltakarane sine evner til å nå egendefinerte mål. Tilbodet egner seg ikkje for personar med pågåande alvorleg psykisk liding og/eller rusavhengigheit.

Dette er eit individuelt tilbod. Du må vere motivert for å bruke tid på oppfølging av tiltak som er nødvendige for å nå måla.  

Slik er tilbodet lagt opp

5-døgnsopphald (måndag til fredag). I løpet av denne veka gjer det tverrfaglege teamet, saman med deg, ein vurdering av kva oppfølging som er den beste. Dette kan vere kommunal oppfølging, evt. i samarbeid med Aure rehabiliteringssenter, eller eit nytt 5-døgnsopphald hos oss. Dette kan til dømes vere etter den første helga eller etter ein heimeperiode på 1-3 veker.  

Tilvising og vurdering

Fastlege eller spesialistlege sender tilvsning.

Tilvising frå sjukehus eller fastlege må sendast elektronisk* via journalsystemet til:
 

 
Helse Møre og Romsdal HF 
Fysikalsk medisin og rehabilitering (Ålesund) 
Postadresse 6026 Ålesund  

 
Tilvisingane må sendast innan måndag kl 15.00 for å bli behandla i inntaksnemnd tysdagar. 
 

Tilvisinga må innehalde opplysingar om

  • Mål for opphaldet
  • Kva type opphald det blir søkt om
  • Aktuelle funksjonsvanskar og diagnose
  • Kva som er prøvd av tidligare behandling, og kva som er noverande behandling/oppfølging
  • Legg ved Individuell Plan, ev. rapport frå andre faggrupper som pasienten mottek tilbod frå, f.eks. heimebasert omsorg, psykisk helse, fysioterapeut, ergoterapeut eller logoped
 
* Om du ikkje har moglegheit til å sende elektronisk, kan tilvising sendast per post: 

 
HELSE MØRE OG ROMSDAL HF 
Ålesund sjukehus 
Felles inntaksnemnd ved 
Fysikalsk medisin og rehabilitering 
6026 Ålesund
 

Før

Tilbodet er i stor grad brukarstyrt. Det vil seie at deltakarane er aktive i eigen rehabiliteringsprosess, og kvar enkelt sin motivasjon og innsats er helt avgjerande for grad av måloppnåing. For å få størst mogleg utbytte, er det viktig at alle på førehand har tenkt gjennom kva dei ønsker å oppnå med å delta på opphaldet, gjerne i samarbeid med pårørande. 

Kartlegging før opphaldet

Som ein del av førebuinga har nevrolog videokonsultasjon, evt. telefonsamtale, med alle før innkomst. Deretter er det kartlegging med rehabiliteringskoordinator og/eller fysioterapeut/ergoterapeut. Dette skjer anten fysisk ved senteret eller via videokonsultasjon. Vi kartlegg ulike faktorar som har innverknad på helsa, for eksempel personlege faktorar og miljøfaktorar, aktivitet- og deltakingsfunksjon, og kroppsfunksjon.Ta gjerne med ein pårørande til denne kartlegginga. 

Viss det er formålstenleg at vi drar heim til deltakarane på et ambulant besøk, så gjer vi det.   

Du kan bli bedt om å ta med dokumentasjon frå tidlegare utgreiingar og/eller behandlingar. Det er viktig at du tar med oppdatert medisinliste når du kjem til Aure rehabiliteringssenter.

Under

Rehabiliteringa kan vere dag- eller døgntilbod. Dette er eit individuelt tilbod, men du vil treffe pasientar som er på gruppeopphald eller andre som er på vurderingsopphald. Alle blir følgt opp individuelt, til dømes med trening saman med fysioterapeut/ergoterapeut, og samtalar med rehabiliteringskoordinator/rehabiliteringsteamet. 

Det blir undervisning og aktivitetar i gruppe, alt etter behov. Dette blir tilpassa kvar enkelt.

Etter

For å sikre best mogleg oppfølging vil det vere fokus på samarbeid med kommunen. Vi har moglegheit til å følge opp deg opp poliklinisk i 3 månader etter endt opphald ved senteret. 

Kontakt

Aure rehabiliteringssenter Aure rehabiliteringssenter

Kontakt Aure rehabiliteringssenter

Oppmøtestad

Bergsvegen 38

På oppsida av Aure rehabiliteringssenter med sjøutsikt.

Aure rehabiliteringssenter

Aure rehabiliteringssenter

Bergsvegen 38, 6690 Aure

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på Aure rehabiliteringssenter skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på senteret. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på Aure rehabiliteringssenter. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved Aure rehabiliteringssenter. 


​Her er ei liste over utstyr du må ta med deg til opphaldet:

  • Medisinane dine, for heile opphaldet
  • Toalettsaker
  • Turklede til all slags vêr
  • Treningsklede
  • Sko til inne- og utandørsbruk
  • Badetøy
  • PC eller nettbrett (for bruk i opplæring om korleis du kan delta på aktuelle digitale treningsgrupper)