Behandling
Rehabilitering - vurderingsopphald
Dette er eit tilbod for personar med muskel-/skjelettproblematikk og nevrologiske tilstander. Målet med vurderingsopphaldet er å styrke deltakarane sine evner til å nå egendefinerte mål. Tilbodet egner seg ikkje for personar med pågåande alvorleg psykisk liding og/eller rusavhengigheit.
Dette er eit individuelt tilbod. Du må vere motivert for å bruke tid på oppfølging av tiltak som er nødvendige for å nå måla.
Slik er tilbodet lagt opp
5-døgnsopphald (måndag til fredag). I løpet av denne veka gjer det tverrfaglege teamet, saman med deg, ein vurdering av kva oppfølging som er den beste. Dette kan vere kommunal oppfølging, evt. i samarbeid med Aure rehabiliteringssenter, eller eit nytt 5-døgnsopphald hos oss. Dette kan til dømes vere etter den første helga eller etter ein heimeperiode på 1-3 veker.
Tilvising og vurdering
Fastlege eller spesialistlege sender tilvsning.
Før
Tilbodet er i stor grad brukarstyrt. Det vil seie at deltakarane er aktive i eigen rehabiliteringsprosess, og kvar enkelt sin motivasjon og innsats er helt avgjerande for grad av måloppnåing. For å få størst mogleg utbytte, er det viktig at alle på førehand har tenkt gjennom kva dei ønsker å oppnå med å delta på opphaldet, gjerne i samarbeid med pårørande.
Kartlegging før opphaldet
Som ein del av førebuinga har nevrolog videokonsultasjon, evt. telefonsamtale, med alle før innkomst. Deretter er det kartlegging med rehabiliteringskoordinator og/eller fysioterapeut/ergoterapeut. Dette skjer anten fysisk ved senteret eller via videokonsultasjon. Vi kartlegg ulike faktorar som har innverknad på helsa, for eksempel personlege faktorar og miljøfaktorar, aktivitet- og deltakingsfunksjon, og kroppsfunksjon.Ta gjerne med ein pårørande til denne kartlegginga.
Viss det er formålstenleg at vi drar heim til deltakarane på et ambulant besøk, så gjer vi det.
Du kan bli bedt om å ta med dokumentasjon frå tidlegare utgreiingar og/eller behandlingar. Det er viktig at du tar med oppdatert medisinliste når du kjem til Aure rehabiliteringssenter.
Under
Rehabiliteringa kan vere dag- eller døgntilbod. Dette er eit individuelt tilbod, men du vil treffe pasientar som er på gruppeopphald eller andre som er på vurderingsopphald. Alle blir følgt opp individuelt, til dømes med trening saman med fysioterapeut/ergoterapeut, og samtalar med rehabiliteringskoordinator/rehabiliteringsteamet.
Det blir undervisning og aktivitetar i gruppe, alt etter behov. Dette blir tilpassa kvar enkelt.
Etter
For å sikre best mogleg oppfølging vil det vere fokus på samarbeid med kommunen. Vi har moglegheit til å følge opp deg opp poliklinisk i 3 månader etter endt opphald ved senteret.
Kontakt
Aure rehabiliteringssenter
Aure rehabiliteringssenter
Oppmøtestad
Bergsvegen 38
Aure rehabiliteringssenter
Aure rehabiliteringssenter
Bergsvegen 38, 6690 Aure