Behandling

Behovsstyrt oppfølging av revmatisk sjukdom

Du vil ikkje bli kalla inn til regelmessige kontrollar, men få oppfølging når du har behov for det.

Behovstyrt oppfølging i Helse Møre og Romsdal

Under finn du ein nyttig informasjonsfilm om oppfølginga. Vi anbefaler at du ser denne om du ønsker informasjon om tilbodet, samt før du loggar deg inn for å gjennomføre eigenregistrering for første gang.
Behovstyrt oppfølging i Helse Møre og Romsdal
En svart smarttelefon med en fargerik skjerm

Pasienter med kronisk sjukdom blir vanlegvis følgt opp gjennom faste kontrollar hos spesialist. Ved behovsstyrt oppfølging får du som pasient rapportere inn helsetilstanden din heimanfrå. Du fyller ut kartleggingsskjemaet «Heimerapportering revmatisk sjukdom» ein til to gonger i året eller ved behov. På denne måten vil du få tilbod om legekonsultasjon når behovet er der, og du slepp å reise til sjukehuset når alt går bra.

Før

Du har vore til utgreiing og fått stadfesta ein artrittsjukdom. Aktuelle diagnoser er ulike former for leddgikt og spondylartritt.

Under

Du blir behandla med sjukdomsmodifiserande medisin og er i ein stabil fase av sjukdommen din.

Oppfølging

Blodprøver

Du skal gå til fastlegen din for kontroll av blodprøver. Dette gjeld deg som bruker sjukdomsmodifiserande medisin etter plan frå Revmatologisk poliklinikk.

Blodprøveskjema DMARD-kontroll.pdf

Heimerapportering

  • Du får SMS med lenke når det er tid for eigenregistrering. Du kan logge inn i nettportalen frå smarttelefon, nettbrett eller PC. Innlogging skjer via ID-Porten med elektronisk ID (BankID). Rapporten blir fylt ut på ein sikker nettportal, levert av underleverandøren til sjukehuset, CheckWare.
  • Når du har logga inn får du opp skjema med 8 spørsmål om utfordringar, medisinar og behandling. Eit skjema er alltid tilgjengeleg om du får behov for å ta kontakt med oss. Vi anbefaler at det ikkje går lengre enn 6. måneder mellom kvar gong du registrerer, uavhengig av om du har behov eller ikkje.
  • Ein sjukepleiar går gjennom svara dine, og ut frå desse blir du ved behov kontakta per telefon for utfyllande vurdering eller du blir sett opp til time. Dersom det ut frå svara ikkje kjem fram forhold som krev vidare vurdering, oppfattar vi at tilstanden din er stabil og tilfredsstillande. Då blir du ikkje kontakta.

Kontakt

Ålesund sjukehus Revmatologisk poliklinikk

Kontakt Revmatologisk poliklinikk

Oppmøtestad

Den gamle poliklinikkinngangen er no stengt pga ombygging. Bruk hovudinngangen på sørsida og gå tvers gjennom sjukehuset. Du finn oss i enden forbi skyvedørene. 

Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5