Behandling
Rusakutt
Rusakutt er strakshjelp, dvs akutt behov for helsehjelp på grunn av rusmisbruk. Retten til strakshjelp inneber at spesialisthelsetenesten pliktar å yte akutt helsehjelp til den som treng tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelbruk og at denne hjelpa er påtrengande nødvendig. Ved akutt somatisk sjukdom skal behandlingsbehovet i somatisk helseteneste vurderast, sjølv om tilstanden skuldast bruk av rusmiddel. Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) har likevel ansvaret for behandling av rusmiddelproblema. Dersom samtidig alvorleg psykisk liding, har denne førsteprioritet, og pasienten sitt behov for behandling innan psykisk helsevern skal vurderast. Pasientar med høg suicidalrisiko skal vurderast i psykisk helsevern.
Melding og tilvising skal kome frå dei vanlege tilvisingsinstansane for TSB; det vil seie fastlegen, legevakta, sosialtenesta, NAV, anna spesialisthelseteneste og andre med tilvisingsrett.
Rusakutt inneber at kvalifisert personell etter melding/tilvising vurderer pasienten sin tilstand og situasjon. Konklusjonen kan vere tilbod om vidare oppfølging av kommune eller poliklinikk, eller innlegging i døgnavdeling. Målet er å avklare den akutte tilstanden og situasjonen, og bidra til vidare oppfølging. Pasientar som får helsehjelp etter straks-hjelp-vurdering vert også vurdert i forhold til pakkeforløp.
Tilvising og vurdering
Det vert gjort ei individuell vurdering på alle rusakutthenvendelsar. Det fins i tillegg diverse kriterier for å få innvilga rusakuttinnlegging. Dette er mellom anna:
- Pasienten er gravid.
- Rusmiddelinntaket er ein umiddelbar fare for liv og helse til pasienten.
- Rusmiddelinntaket er avslutta eller endra, og det er fare for alvorlege abstinensreaksjonar.
- Rusmiddelinntaket fører med seg akutt risiko for åtferdsendring med fare for eige eller andre sitt liv og helse.
- Rusmiddelinntaket kan føre til akutt fare for alvorlege relasjonsbrot, sosiale konsekvensar eller funksjonsfall.
Før
Vi kartlegg abstinens og legg til rette for minst mogeleg abstinensplager (psykososiale tiltak og/eller legemiddel), alt i samarbeid med pasienten.
Vi kartlegg også behov for vidare oppfølging. Dette kan vere behandling i kommune (fastlege, kommunal rusteneste) eller spesialisthelsetenesta. Vi gir også informasjon om aktuelle sjølvhjelpsgrupper og brukarorganisasjonar.
Under
Etter
Transport til og frå behandling:
Pasienten er sjølv ansvarleg for å komme seg til innlegging til rett tidspunkt. Ein kan søke pasientreiser om å få dekka billegaste reisemåte med rutegåande transport til og frå behandling, men ein må betale eigendelen sjølv. Vi kan stadfeste opphaldet hos oss, men hugs å ta vare på kvitteringar frå reisa. Sjå pasientreiser.no
Ver merksam
Meistrings-/kriseplan
Av erfaring veit vi at tida etter utskriving frå rusakutt kan vere sårbar og utfordrande for mange. Under innlegginga utarbeider vi difor ein meistrings-/kriseplan saman med pasienten. I denne planen skildrar pasienten sine risikosituasjonar og kva som triggar rustankar og rusinntak. Kva strategiar kan pasienten nytte for å førebygge slike tankar/situasjonar, og kven kan kontaktast for å få hjelp.
Dette skal vere ein enkel, konkret og oversiktleg plan som både pasient og hjelpeapparatet kan nytte før eller i ein eventuell kritisk situasjon, eller ved tilbakefall.