Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rusavhengigheit korttids døgnbehandling

Når du har behov for meir oppfølging enn poliklinisk behandling, kan du få tilbod om døgnbehandling. Vi gir behandling til rusavhengige over 18 år. Behandlingstida er inntil 12 veker, men dette kan tilpassast den enkelte.

Tilvising og vurdering


  • Kommune/NAV
  • Barneverntenesta
  • Fastlege/allmennpraktiserande lege
  • Privatpraktiserande legespesialist
  • Lege ved andre deler av spesialisthelsetenesta
  • Lege i fengselshelsetenesta
  • Anna helsepersonell som har rett til å tilvise til spesialisthelsetenesta

Dersom du har behov for behandling, skal tilvising sendast til vår vurderingsinstans TSB.

Det er eit tverrfagleg team som gjer ei vurdering ut frå tilvisinga. I vurderinga skal det kome fram kva type behandling du har rett på (poliklinikk og/eller dag-/døgnbehandling), og kva behandlingsstad som vert rekna som best for deg. Innan ti verkedagar etter at vi har motteke tilvisinga, skal du få informasjon om du har rett til nødvendig helsehjelp.

Vurderinga kan ha to utfall

  •  Ja, du får tilbod om behandling med bindande frist og tidspunkt for når utgreiing eller behandling skal starte. Du vil få eit brev der det vil kome fram når vi kan gi deg eit behandlingstilbod, og korleis gangen vidare er lagt opp for deg. 
  • Avslag, som betyr at det er nok med behandling/oppfølging i kommunen eller annan instans. I svarbrevet skal det kome fram at det er høve til å klage og korleis du kan gå fram.
Unntak:

  • Tilvising til legemiddelassistert rehabilitering for opiatavhengige skal vere laga i samarbeid mellom pasienten, kommunal oppfølgingstjeneste og fastlegen og skal sendast på eiga tilvisning, sjå under Tilvisning til legemiddelasistert rehabilitering (LAR).
  • Dersom situasjonen er akutt kan lege kontakte avrusingen for vurdering av eventuell rusakutt innleggelse. Er situasjonen livstruande, kontakt sjukehus på tlf. 113.
  • For behandling utan eige samtykke (tvang) fremjar kommunal oppfølgingstjeneste sak til Barneverns- og helsenemnda.
  • Dersom du allerede har rett til nødvendig helsehjelp knytt til døgnbehandling, kan kriminalomsorga innvilge § 12-soning.   

Innhald i tilvising



Utredning

Behandling

Oppfølging

Ver merksam

Meistrings-/kriseplan

Av erfaring veit vi at tida etter utskriving frå døgnbehandling ofte er sårbar og utfordrande for mange pasientar. Under innlegginga vert det difor i tett samarbeid med deg, utarbeida ei meistrings-/kriseplan. Denne skal skildre kva du opplev som dine risikosituasjonar og «triggarar» for rustankar og rusinntak. Den skal vidare skildre kva strategiar du kan nytte for å førebygge slike tankar/situasjonar, og kven du kan kontakte for å få hjelp. Dette skal vere ein enkel, konkret og oversiktleg plan som både du og hjelpeapparatet kan nytte før eller i ein eventuell kritisk situasjon, eller ved tilbakefall.


Kontakt

Ålesund behandlingssenter Rusbehandling TSB korttids døgn Ålesund

Kontakt Rusbehandling TSB korttids døgn Ålesund

Oppmøtestad

Resepsjonen ved hovudinngangen.

En bygning med parkeringsplass

Ålesund behandlingssenter

Ålesund behandlingssenter

Vestmoa 27

Transport

Ålesund behandlingssenter ligg ca 5 minutts gange nordvest for bussterminalen på Moa. Gå mot Spjelkavik kyrkje. Det er lagt godt til rette med sykkelveg og fortau. 

Parkering

Merk at nye parkeringasreal ikkje er ferdigstilt enno. Det blir jobba med å få dette på plass så raskt som mogleg. Følg skilting på området for parkering. 

Et skjermbilde av et videospill
Merking på bildet:1. Hovudinngang2. Poliklinikkinngang i underetasjen
Dronebilde av ny veg ved Ålesund behandlingssenter

Foto: Christian Ibsen, Statens vegvesen

Oversiktsbilde Ålesund behandlingssenter.
En vei med sykkelfelt

Foto: Gro Kjoss Lynge

Vegen forbi Ålesund behandlingssenter er den første i Ålesund med sykkelveg med fortau. Ver merksam på mjuke trafikantar ved inn- og utkøyring. Innkøyring til Ålesund behandlingssenter til venstre på bildet.

 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Ta kontakt med personalet for informasjon om trådlaust nett.

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta