Behandling
Rusavhengigheit korttids døgnbehandling Ålesund BS
Når du har behov for meir oppfølging enn poliklinisk behandling, kan du få tilbod om døgnbehandling. Vi gir behandling til rusavhengige over 18 år. Behandlingstida er inntil 12 veker, men dette kan tilpassast den enkelte.
Tilvising og vurdering
Før
Det er eit team som gjer ei vurdering ut frå tilvisinga. I vurderinga skal det kome fram kva type behandling du har rett på (poliklinikk og/eller dag-/døgnbehandling), og kva behandlingsstad som vert rekna som best for deg. Innan ti verkedagar etter at vi har mottat tilvisinga, skal du få informasjon om du har rett til nødvendig helsehjelp.
Under
Etter
Etter at opphaldet er avslutta, vert det skrive ei epikrise. Dette er ei oppsummering av opphaldet ditt og planar for vegen vidare. Denne vert sendt til den som tilviste deg til behandling (eks. fastlege) og andre som skal vere støttespelarar for deg etter utskriving.
Ver merksam
Meistrings-/kriseplan
Av erfaring veit vi at tida etter utskriving frå døgnbehandling ofte er sårbar og utfordrande for mange pasientar. Under innlegginga vert det difor i tett samarbeid med deg, utarbeida ei meistrings-/kriseplan. Denne skal skildre kva du opplev som dine risikosituasjonar og «triggarar» for rustankar og rusinntak. Den skal vidare skildre kva strategiar du kan nytte for å førebygge slike tankar/situasjonar, og kven du kan kontakte for å få hjelp. Dette skal vere ein enkel, konkret og oversiktleg plan som både du og hjelpeapparatet kan nytte før eller i ein eventuell kritisk situasjon, eller ved tilbakefall.
Kontakt
Ålesund behandlingssenter
Rusbehandling TSB korttids døgn Ålesund
Kontakt Rusbehandling TSB korttids døgn Ålesund
Oppmøtestad
Resepsjonen ved hovudinngangen.
Ålesund behandlingssenter
Ålesund behandlingssenter
Vestmoa 27